Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 136
134
bunaden og utsjånaden fyrst og fremst noko som er utrekna på å gjera
inntrykk. Her er alt avmålt og vel medviti og fortel på sin måte mykje
om det sjelelivet som løyner seg bakom. Skildringa av Of. i soga vår
sameiner det sermerkte i båe dei nemnde skildringane i Njål. Når Of.
ser dårleg ut, er det ikkje berre ei fylgje av fattigdom og alderdom, men
samstundes eit middel til å gjera seg mindre åtgådd. I M-g er dette mest
tydeleg, der det står at Of. hafdi sida hettuna. Denne løynda må til, om
planen hans skal ha von om å lukkast. — Denne sermerkte blandinga av
vilja og uvilja, av medviti og umedviti, av grotesk kynisme og ufriviljug
komikk, er det sentrale prinsippet i Of-figuren, slik vi ser han på tinget.
Spaninga vert auka ved den alvorlege bakgrunnen. Of. spelar og spøkjer,
men med O.s og si eiga velferd og lukke til innsats.
Skildringa av møtet mellom Of. og O. i budarsundit og den fyrste sam-
talen deira sidan O. drog heimanfrå 12 år gamal, er eit av dei kunstnar-
lege høgdepunkta i soga både psykologisk og stilistisk. Audmykt og rådlaus
går O. heim frå domstolen, vonbroten og mindre kaut enn før. No er det
rette tida for Of. til å nærma seg. Det måtte vera ein underleg kontrast
mellom den unge, flotte, hovdingslege O. og den loslitne, krøkte gamlingen.
Den ytre apparisjonen til Of. renn saman med åtferda hans, slik at kon-
trasten vert endå sterkare. Vi har her fyrste dømet på dei utspekulerte
kunstgrepa Of. triv til, når han vil få ovmodige hovdingar i tale. Han
let siett ikkje som han veit at det har gått gali for O., viser ingen fader-
lege miner, er berre full av skinnflat ovundring. På O., som er på røming
med låtten og vanvyrdnaden i hælane, lyt denne ovundringa verka vel-
gjerande. Og Of. er bokstavleg ikkje til å koma framom i den tronge
passasjen. I fylgje K-t helsar Of. fyrst, og stoggar såleis O. med det. Men
i M-t spiller han ikkje tida med helsing, grip fatt i O. i framomfarten og
plaserer ein replikk som liksom truskuldig smeikjer O., men samstundes
tvingar han til å svara. O. kan ikkje lata vera å gjeva ein veslefinger, men
er snart fastklemd med heile handa. Den byrgskapen O. enno måtte ha
andsynes faren då dei møttest, vert no systematisk plukka av han. Of.
tvingar ut av O. den eine tilståinga meir audmykjande enn den andre: at
Osp. ikkje er dømd, at det juridisk var fullt høve til å vinna saka, men
at O. har forspilt alt ved si eiga dugløyse og fåkunne. Det siste kostar det
O. serleg mykje å tilstå. Pat kglludu }’ieir, seier han (som om det ikkje var
heilt visst), at rangt væri heiman buit (M). Of. har gjort O. sjakkmatt.
No er det tid til å setja tinga på plass: eigi mun fat vera, er fu fort med
målit, seier Of. ironisk, og gjer O. merksam på at om han er dugande på