Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 139
137
rimeleg kompliment til ein jamlike som Of. vil ha til verfar for sonen sin.
I samtalen med Eg. framhevjar Of. serskilt kor snytt Eg. vil verta når
det gjeld pengane. Andsynes Gell. legg han dessutan serleg sterk vekt på
det moralske og på renommeet. I samtalen med Eg. trugar Of. med at O.
kan henda vil heimsøkja Borg og hemna seg, men nemner ingen ting om
dei andre sambandsfelagane (slik i M-t). Han veit at Eg. tenkjer mest
på seg sjølv og herre ynskjer vondt over fleire av dei hine. Gell. er derimot
trufast av natur, venleg mot alle, men veikare. Han kan Of. skræma med
bilete av herja hovdinggardar i rad langs Islands-kysten. Men serleg legg
Of. vekt på dei farane som trugar Gell. sjølv, kvinnerov og brann. Slikt
måtte gjera meir inntrykk på den finslege Gell. enn det ville ha gjort
på hardhausen Eg. Ein liknande skilnad har vi når det gjeld pengegåva.
Den vyrdlause Eg. kunne Of. nok rekna med å få overtala til å taka imot
muter. Men slikt ville ikkje vera tenkjeleg med den samvitsvare Gell.
Han ville sikkert herre taka ærlege pengar. Men dette med har Of. sytt
for: Desse pengane er på ingen måte noko så simpelt som muter. Dei er
brudekjøpssummen, mundr!
Som nemnt er den seinare delen av B for det meste komedie, og Of. har
den sentrale rolla. Men den komikken som knyter seg til han, er sers
samansett. Dels ligg han i det som vert sagt i dialogane, dels heng han
saman med den skildringa vi får meir beinveges av Of.s person. Noko av
det som verkar mest komisk i dialogane, er Of.s veldige ordhegd. Det er
som orda fossar ut or munnen på han. Og dette er sameint med ei utøm-
ande evne til å føra inn nye, uventa synsmåtar, som får den det gjeld til
brått å sjå heile situasjonen i eit anna Ijos. Of.s mektige polemikk i forsvaret
av rettferda mot formaljusen og den sofistiske tolkinga hans av eiden gjer
domarane heilt mållause. Slike subtile syllogismar er dei ikkje vane til å
operera med. Både den handfalne hjelpeløysa til domarane og sjølve inn-
haldet i argumentasjonen verkar komisk på oss. Noko av det kostelegaste
i heile soga er nett dette at Of. i røynda kj empar for rettferd. Men for
å få den fram, lyt han overtelja domarane til å vika frå loven. Og for å
få dei til det grip han til noko så fullstendig ulovleg som å gjeva dei
muter. Ingen stad i sogelitteraturen vert motsetnaden mellom juridisk
formalisme og elementær rettferdskjensle og sunn sans klårare demon-
strert. Like lamslegen som domarane vert Gell., då Of. målar ut dei reds-
lene som trugar han og dei hine sambandsfelagane. Her er eit intellektuelt
fyrverkeri, ein menneskekunnskap og ein underfundig sans for komikk
som spelar på ei mengd med strenger samstundes og ligg langt borte frå