Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 142
140
Skjematisk kan utviklinga attgjevast slik:
1-2. Før Of. nærmar seg O. og Eg., medan han endå er uviss på om ak-
sjonen vil lukkast: Sutfull i sinnet og ynkeleg av utsjånad. (Når vi
ikkje høyrer noko om utsjånaden til Of. etter den sigerrike utgangen
på fyrste rettssaka, kan det hanga saman med at sogemannen ikkje
ville skipla den stiginga frå eit nullpunkt, som tek til i utdrag 2
(4012-19). Men ein kan og forklåra det psykologisk: Of. har nok
vunni ein stor siger då Osp. vart dømd, men øygnar dei farane som
trugar, og er difor ikkje i stand til å retta ryggen.)
3. Etter fyrste sigeren over sambandsfelagane, då Eg. er vunnen: Of.
lettare til sinns, men framleies ynkeleg å sjå til.
4. Etter andre sigeren, då Of. har vunni Gell.: Velnøgd til sinns, rask
på foten og eigi bjugr.
5. Etter den endelege sigeren, då forliket er ført i hamn: Of. full av
byrg giede og triumferande skadefrygd, som får demonstrativt ut-
trykk i utsjånaden. No stør han seg ikkje på staven lenger, hetta er
dregen attende frå andletet, ryggen rak og augo fritt kringskodande
og fulle av liv.
Til dette skjemaet kunne vi kan henda og knyta framføringa av
den triumferande strofe 5 som ein siste lekk.
Heile denne omskapingsprosessen er så systematisk gjennomførd, og
samsvaret mellom byrjing og slutt i utviklingsskildringa så slåande når
det gjeld dei opprekna detaljane, at her umogeleg kan vera tale om
slumpehøve. Og denne skildringa kan heller ikkje vera bygd inn i teksta
etterpå av ein eller annan tildiktande avskrivar. Det ser ein ikkje minst
av det at denne skildringa av Of.s utsjånad er så intimt samanvoven med
den sentrale handlingsgangen. Som tidlegare påpeika er den ynkelege
utsjånaden til Of. så lenge sigeren er uviss, ikkje berre noko uvilkårleg,
men samstundes eit slag kamuflasje, eit taktisk knep. Og det uvilkårlege
i åtferda, det som m. a. får han til å nyta triumfen på ein så synleg måte,
er noko som fylgjer Of-figuren gjennom heile soga, slik eg har vist her
ovanfor (s. 138).
Skildring av korleis utsjånaden til ein person vert omskapt, er ikkje
noko eineståande i sogene (jfr. s. 232f, 257f, 273). Men uvanleg er
det at skildringa tek så stort rom og er så sterkt utpensla når det gjeld
ytre stilbunad, som vi ser det her i B. Dette er truleg grunnen til at det
har vori så vanleg å rekna fleire av dei stadene i M-g, der denne om-