Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 146
144
buskap. Fleire uttrykk i kap. 2 gjev det her utsjånad av at soga byggjer
på munnleg fråsegn: frat er sagt heldr segja menn hitt -. Ordlag av
dette slaget er ofte tradisjonell stilpryd i sogene (jfr. s. 62, 196f). Men det
er ikkje heilt utenkjeleg at vi i dette høvet har å gjera med eit visst grunn-
lag i munnlege fråsegner om ættfaren til Midfirdinga-ætta (jfr. s. 238).
Samtalen mellom Osp. og O. i kap. 2 set O.s karakter i klårt ljos. Han
er hjelpsam, godhjarta og velmeinande, j amvel når han skjønar at det
ikkje er utan risiko. Han talar klokt, ja nesten skarpt, til Osp. i byrjinga.
Men handlemåten hans viser at han har eit tilvik til å taka avgjerder før
han har tenkt seg nøye om eller søkt råd hjå andre. Framgangen og heppa
hans har gjort han litt for sjølvtrygg. Difor tek han på seg den vanske-
lege gode-stillinga utan å ha innsyn i rettsstell, og difor vert han lura
av Osp.
Tilhøvet mellom O. og Osp. gjev atter eit godt døme på framstellings-
teknikken med stegvis utvikling. Her byrjar det med avvising, men endar
med ein venskap og ei tiltru over all måte:
1. O. er avvisande.
2. O. gjev etter tvikande, men tek så imot Osp. med atterhald.
3. O. likar Osp. og byd han å verta verande hjå seg.
4. O. let Osp. stå for gardsstellet.
5. O. bed Osp. styra garden aleine, medan han sjølv er borte.
6. O. bed Osp. overtaka godordet.
Vi finn same utviklingsstega i båe gjerder. Slik overdriven varme i tiltru
og venskap piar oftare vera eit dårleg førevarsel i i.-s.9 Men her er og
andre låke merke. Då O. har overlati gardsstyringa til Osp., står det at
dette spurdest og vart mykje omsnakka. I i.-s. kan det vera eit dårleg
teikn at noko kjem på folkemunnen10. Då O. har overlati godordet til
Osp., tek folkesnakket seg oppatt med endå større kraft. Vi vert no fulle
av vonde aningar om korleis dette skal gå.
I tilhøvet til Osp. kjem visse sider av O.s karakter klårast fram. Vi har
sett at han er full av sjølvbyrg tryggleik, gjerne vil gjera vel og stå seg
godt med folk. Men som det oftare går for velvilja menneske, er han og
* Jfr. t. d. venskapen mellom Pråinn og Njåls-sønene i Njål. og mellom Kjartan
og Bolli i Laxd. E. <51. Sveinsson: A NjålsbuS s. 45.
10 Serleg gjeld dette kjærleikssamband og folks moralske vandel. I lovene var det
beintfram forbodi å omtala folk nedsetjande på vers. (Gråg. Ib 183-185; II 392
-394).