Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 147
145
meir godtruen enn klokt er, og dertil ikkje så lite hissig. Ved Osp.s listige
tviking med å taka mot gardsstyringa og siden godordet, øser O. seg slik
opp at alle motførestellingar bleiknar. Han beintfram tvingar Osp. til å
overtaka godordet.
O. overlet godordet til 6sp. på ein slik måte at det ser ut som Osp. har
fått fullt rådvelde over det. Dette samsvarar for så vidt med språkbruket
i Gråg., der den vanlege terminus technicus for utøving av gode-
makt, fara med godord, er nytta også om godordsutøvinga til ein vikar11.
Men det er tydeleg at Gråg. skil mellom det å eiga eit godord og det å
utøva godefunksjon12. At O. framleies var den røynlege eigaren av god-
ordet, j amvel om det for ei tid var overlati til (5sp., må og han som
forma soga vår, ha rekna med. Når likevel (5sp. tydeleg nok har fått
formell makt til å halda fast på godordet om han vil, kan det vanskeleg
tolkast annleis enn at O. har hatt så lite greie på rettspraksis at han har
forsømt å taka dei rette atterhald, då han overlet godordet.
O.s velviljuge og godtrune natur kjem aller klårast fram etter heim-
koma hans frå utlandet. Han sparar ikkje på ros til C)sp. og seier ikkje
noko vondt om det at Osp. i den grad har gjort seg brei i sessen medan
O. var borte, at han har sameint seg med Svala og teki ho heim til Melr
utan å venta på O.s tillating. Det går no ei tid då 6sp. faktisk har det
romet på Melr som O. før hadde. Ein må forstå soga slik at O. er att-
komen for seint til å vera med på Alltinget. Men hausttinget står att.
Og det vert då spørsmål om kven som skal fara med godordet der. Det ser
ut som O. går og ventar at Osp. skal føre sakene attende i sitt gamle far.
Men då ingen ting hender, lyt O. bryta togna sjølv. Osp. bit han av med
eit svar som i forma er sterkt sjølvnedsetjande, men i røynda tykkjest visa
at Osp. forstår seg mykje betre på sakene enn O. Den juridiske fåkunna
til O. vert openberr. Han har ingen ting å leggja imot og lyt finna seg i
å verta sett på plass av arbeidskaren sin13. Skort på omtanke og på røynsle
i rettsstell må det og vera som gjer at O. seinare forsøv seg så grundig
på sjølvaste tingdagen. Dette var ein alvorleg feil. I Gråg. heiter det for
Alltinget sitt vedkomande at domstolane skal vera fullskipa før sola kjem
11 Gråg. Ia 141.
” Gråg. Ia 137.
13 Påstandet til 6sp. i 153-1>tykkjest ikkje ha vori berre bløff. I Gråg. er
det rekna med at overtaking av godord kan skje på tinget. Det same i t>orst. s.
SiSu-Hallss. Men då godordet er privat eigedom, er det mogeleg at overlating også
utanfor tinga var lovleg (jfr. s. 35 og If. VII 303, merkn. 2).
10 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII