Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 148
146
på tingvollen14. Ein lyt rekna med at vårting og haustting normalt skulle
taka til like tidleg på dagen. Ein gode som ikkje møter presis til vårtinget,
skal etter Gråg. dømast til bot og missa godordet sitt, eller få endå
strengare straff15. Hausttinga skulle viast på same måten som vårtinga16.
I soga vår er uttrykksmåten ikkje heilt klår. Det er ikkje sagt kva tid
på dagen O. kjem til tinget. Men vi høyrer at tinglyden er komen og
tinghandlingane stort sett ferdige. Det ser altså ut til at Osp. måtte
via tinget og set ja sakene i gang då O. ikkje var komen og kunne over-
taka godordet. Formelt er Osp. såleis uklanderleg, og han kunne fram-
leies forsvara seg med at han hadde tenkt å overlata godordet på tinget,
men at O. hadde hindra det ved å koma for seint. I røynda er dette likevel
herre lureri og svik. Kvifor sytte ikkje Osp. for å varsla O. før han drog
til tinget?
Framferda til Osp. på hausttinget gjer det omsider klårt for O. at
Osp. er uærleg og herre stilar mot å tilvenda seg godordet. O.s kjensle-
reaksjonar er utførleg skildra i K-g, meir lakonisk i M-g, der nokre dagars
togn liksom er stilla føre stormen.
O.s kraftige og noko panikkvorne tiltak for å skaffa seg attende god-
ordet er i godt samsvar med den energiske, men litt stuttenkte karakter-
typen hans. Men trass i den dramatiske måten han ber seg åt på, er han
i røynda framleies sers snill mot Osp. Han gjer ingen freistnad på å refsa
Osp., set han ikkje av frå stillinga hans som gardsstyrar. Den kulden som
frå no av rår mellom dei to, går minst like mykje ut frå Osp. som frå O.,
og då Osp. dreg sin veg, er det uråd å seia anna enn at O. støtt har
synt han full drengskapr.
Kva som var dei røynlege motiva til Osp.s handlemåte, vert aldri opp-
lyst. I staden får vi vita kva folk trudde. Like uforklåra er sauetapet. Men
denne gongen vert trua målboren i replikkar, O.s ord om stulda til Våli,
og Vålis ord om det same til Osp. Båe gonger stansar sogemannen sjølv
ved indisia. Beinveges og dagklåre prov ville øydeleggja dåmen av mystikk
og spaning kring hendingane.
Indisia mot Osp. når det gjeld sauetapet, er tydelege nok: Så lenge Osp.
var med og sanka for O., miste O. ingen sau. Straks Osp. og O. har vorti
uvener, er dei beste sauene hans borte. For storhovdingen O. lyt det vera
ei æressak å få slikt straffa. Men han veit ikkje korleis han skal taka fatt,
u Gråg. Ia 50.
1S Gråg. Ia 97, 98, 117.
10 Gråg. Ia 111-112.