Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 149
147
eit nytt døme på kor lite han duger til rettsstell, og ei ny audmyking. I
samtalen med Våli lyt han vedgå at han hadde teki i miss då han overlet
styringa av garden og godordet til Osp., og han lyt finna seg i at Våli,
som før ikkje ein gong hadde trudd seg til å styra garden, fyrst gjev han
ei åtvaring og deretter tek heile saka ut or hendene på han. At Våli har
ein dobbel plan med dette (jfr. s. 154), løyner han for O. Men då for-
soningsfreistnaden til Våli strandar på Osp.s motstand, kan ikkje Våli
hindra at sakene går sin lagnadstunge gang. Når O. no reiser søksmål, er
det på grunnlag av vitnemålet til Våli. Reint utruleg godtruen og slepp-
hendt er O. når han seinare tillet dette hovudvitnet sitt å fara einsam over
til fienden. Toppen av naivitet når han likevel ved å tru på fråsegna til
Svala, då Våli ikkje kjem att. Psykologisk er dette det mest urimelege i
heile soga. Men det ligg trass alt på line med O.s karaktertype elles.
Biletet av O. vert mest harmonisk når dette stuttenkte og godtrune draget
får lov til å vera ei uskipla hovudline i personlegdomen hans, slik vi ser
det i M-g. I K-g er derimot konsekvensen i denne lina broten. Der ser
vi at O. gong etter gong steller seg reservert og ottefull til planane åt
Våli. Ved dette vert godtruenskapen hans andsynes Svala endå meir
uskjønleg.
Vi kjem no til ettermålssaka etter Våli, der O. for alvor skal visa kva
han duger til i rettssaker. Alt ligg fint til rettes for søksmålet. Den sak-
søkte har gjort seg skuldig ikkje herre i dråp, men i skammeleg mord.
Skulda til den saksøkte er det ingen vanske med å få fastslegen. Folk flest,
jamvel skyldfolket til Svala, er opprørde over ugjerninga. Dråpsmannen
har på førehand vondt ord på seg. Sjølv er han rømd utan å ha fått nokon
til å taka opp forsvaret på tinget. Det burde gå av seg sjølv å få Osp.
dømd til skogarmadr. Men denne gongen har ikkje O. ein gong Våli til
å rådføra seg med, og så går det atter gali. Han har busa fram i ungdomleg
ovmod. Men siøge ovundsmenner velter heile spelet for han ved å flytta
ei einaste lita brikke. På si vante vis reagerer O. snøgt og uoverlagt, gjer
ingen freistnad på å berga saka ved raske mottrekk, slik vi ser det vert
gjort i Njål. i det store ettermålet etter mordbrannen. O. herre gjev opp
alt og stikk av. Då han møter den gamle far sin, er det som vonbrotet
og beiskleiken dirrar gjennom dei motviljuge og lakoniske svara. Men Of.
slepper ikkje taket. Hadde O. før vorti audmykt andsynes Osp. og Våli,
så vert han det no til gagns andsynes Of. Gjennom denne lange aud-
mykingsprosessen vert O. omsider mogen til å forsona seg med far sin.
Samtalen mellom O. og Of. på tinget er drøfta i stykket om Of. O. får
10*