Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 150
148
her endå em gong høve til å gjeva prøver på det styvne ovmodet sitt og
fåkunna si når det gjeld rettsstell, før den endelege kapitulasjonen.
Etter forsoninga med Of. er O. for det meste ute or forteljinga. Men
dei fåe gongene vi får ein glytt av han, er karakteren hans, slik vi har
sett han ovanfor, vel fasthalden; såleis i samtalane mellom O. og Of. i
kap. 7, der O. framleies er den ovmodige og bråkjekke andsynes vanskane,
medan den framsynte Of. avslører fåkunna og tankeløysa hans med mild,
sokratisk ironi. Atter er det O. som lyt gjeva tapt. Eit morosamt lite
drag er det korleis O. (i M-g) freistar dekkja over nederlaget sitt med
skjemt: pat pykki mer illskainn at pu hafir 396-7. I kap. 11, då far og son
møtest att, ser vi Of. glad og godmodig skjemtande, O. naivt oppfarande.
Men i dette kapitelet høyrer vi og om korleis Of. syter for å rehabilitera
O. i hans eigne og våre augo etter alle dei ynkelege nederlaga (jfr. s. 100).
På sjøen er O. framleies helt og giptumadr, og rausnarmadr heime på
garden.
Etter Of.s råd står bryllaupet på Melr, ikkje, som ein skulle venta, i
den fornemme heimen til brura på Helgafell17. Dette tener til å visa kor
høgt i rang O. no har stigi. Vi har elles døme på at brudgomen krev å
få ha bryllaupet i sin heim, når han reknar seg for gjævare enn folket til
brura18. Her i B høvde det hest å ha bryllaupet på Melr også av den
grunnen at Gell. hadde dårleg råd. O. får no høve til å syna rikdomen og
raustleiken sin både ved den flotte veitsla og ved avskilsgåvene. Men gode
råd har han bruk for til det siste, ikkje herre frå far sin, men og frå verfar
sin. Alt ordnar seg no på heste måte både for O., Of., Gell. og Eg., då
rikdomen, visdomen, den høge rangen og den vyrdlause krafta har gjort
eit uslitande samband.
6SPAKR GLtJMSSON
Osp. er den mest interessante av dei tragiske personane i soga. Morbror
hans er den vidgjetne Grettir Åsmundarson. Dette har ei serleg tyding;
for det er eit ordtak at mddurbrædrum verda menn likastir19. Om Grettir
heiter det i Grett.: han var mjgk odæll i uppvexti stnum, fdtaladr ok
dpydr, bellinn bædi i ordum ok tiltekdum20. Men serleg var Grettir kjend
” Gråg. III 591-592 bruShlaup.
w Jfr. K. Kålund i Aarbøger 1870 s. 308.
“ Tilvis. hjå Fritzner: moSurbroSir.
20 If. VII 36.