Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 151
149
for styrken sin og den låke lagnaden, der han flakka fredlaus omkring i
villmarka. Både karakteristikken av Osp. i B kap. 2 og lagnaden hans
seinare har framtredande drag som minner om Grett. Dei er og båe
skaldmælte. Det kan vel ikkje vera tvil om at tradisjon om Grettir på
fleire måtar har vori førebilete for biletet av Osp. i B.
Osp. er viktig i B ikkje herre som hjul i handlingsmekanismen, men
og som motstykke til bileta av O. og Våli. Han tred inn i soga som full-
vaksen kar, har drivi på med det same som O. hadde gjort den tida han
svinga seg opp. Men Osp. har ikkje hatt O.s lukke trass i dugleiken sin.
Han er ikkje giptumadr, og det heng truleg saman med karakteren hans.
Folk likar han ikkje. Gjetorda til O. og Osp. er tydeleg sette opp imot
einannan i fyrste samtalen deira. O. er mjgk lofa<)r af mgnnum, og alle
vil gjerne vera hjå han. Osp. er derimot ekki - mjgk lofadr af mgnnum
og ikkje vensæl. O. hadde frå byrjinga god hjelp av at han var av god
ætt. Over Osp. heng derimot ættararven som eit trugande ulukkevarsel:
pykkir pu hafa hr g gå undir brunum, sva sem pu ert ættborinn til, seier
O. i M-g. Likevel er Osp. ikkje herre usympatisk, slik vi ser han i byrjinga.
Det er noko mannsleg i svaret hans som gjer eit tiltalande inntrykk: haf
vid raun pina, en eigi sggn (sagnir K) annarra —. Det ser ut som Osp.
meiner det ærleg. Når han steller seg så vel andsynes O. og arbeider så
trottig, så kan det i byrjinga ikkje ha hatt annan grunn enn at han gjerne
ville O. skulle setja pris på han, slik at han kunne få ei trygg stilling hjå
denne mektige og godvilja mannen. Osp. kunne ikkje på førehand vita at
O. skulle koma til å gjeva frå seg gardsstyringa og godordet, og allvisst
ikkje til han. Den stegvise utviklinga av tilhøvet mellom O. og Osp. er
påpeika tidlegare (s. 144). Gong etter gong er det framhaldi kor driftig
og dugleg Osp. er, og dette verkar meir og meir på O. Men Osp. toler
ikkje den tiltrua som O. viser han. Etter kvart som det opnar seg utsikter
til å få ei høgre stilling, ser vi korleis dei ufine draga i lyndet hans livnar
til. No byrjar smeikinga og den medvitne hyklarskapen. Osp. veit vel at
det er han sjølv som har ei hovudære for at gardsbruket har gått slik
fram. Men då O. byd han gardsstyringa, seier han: pat er mer of råd, f>o
at nu flytisk fram, er pu ert vid. Osp. arbeider frå no av planfast på å
få overtaka heile makta til O. medan han er i utlandet. O. dryer like til
avferdsdagen med å kunngjera kven som skal styra godordet hans (for å
sleppa innblanding i avgjerda si?). Til slutt fylgjer folk han til skipet:
Ospakr leiddi hann i lengra lagi; attu peir mart at tala — (M-t; K-t om
lag det same). Desse orda syner korleis Osp. gjer seg umak med å vera