Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 159
157
personlegdom. Han har vondt for å seia nei då Of. kjem fram med friinga,
og freistar å snakka det frå seg på ein pynteleg måte. Karakteristisk for
han er det han seier om korleis han kom med i sambandet: lét ek petta
leidask eptir vinum minum, meir en mer vari petta svå stadfast i skapi
M-t 544-5. Gell. er mykje oppteken med tanken på æra si og tilhøvet til
vener, og kva dei vil meina om han. Dette utnyttar Of. for alt det er
verdt. Nesten rørande er det å sjå kor „moralsk11 Gell. vert med ein gong
han er økonomisk sikra og har fått ein sterkare å stø seg til. Då han skal
vera skilsdomar, gjer han (i M-g) framlegg om ein komisk liten løysings-
sum, pvi at malaefni eru med miklum rangendum upp tekin, ok er pvi
betr er peir una verr vid 631_2. Å stå ved framlegget sitt andsynes dei hine
hovdingane kvir han seg likevel for. Men då Eg. gjer det klårt at Gell.,
i tilfelle han ikkje seier opp forliksvilkåra, lyt vera den som står til svars
mot kritikk, snur han straks om og vel det lettaste. Og då han skal seia
dei farlege orda, freistar han å redusera vekta av det sagde ved å nytta
ein likesæl uttrykksmåte (som likevel samstundes kan vera ein ståande
formel, jfr. s. 97): ekki munu vit sid ar vitrari, ok mun allt til eins
koma -. Deretter overlet han til Eg. å taka støyten.
Den humoren som kviler over Gell. i B, er mild og skjønsam. Vi ser
han så levande for oss, denne snille, litt tufsute storbonden som går om-
kring tyngd av store og små suter, for økonomien, for prestisjen og popu-
lariteten, og for korleis han skal få døtrene sine godt gifte, - alt saman
så gjennom menneskeleg og kvardagsleg og velkjent til alle tider. Men
det fintkjennnande og venevare kjem fram hjå han også i bryllaupet, då
han (i M-g) rår O. til å gjeva Eg. ei gild gåve. O. er ein dårleg psykolog.
Han reknar reint matematisk med kor mykje kvar i det heile har fått og
har krav på. Men Gell. har større evne til psykologisk innleving. For det
om Eg. har fått ei stor gåve før, så vil det kjennast stussleg for han om
det ikkje vert teki tydeleg omsyn til rangen hans også ved slutten av
bryllaupet når avskilsgåvene vert gjevne.
STIL OG KOMPOSISJON
Stilen til B merkjer seg ut ved to hovudeigenskapar. Den eine er den
høgt utvikla litterære hagleiken til han som forma soga, og i samband
med det dei mange stilmerka som fyrst og fremst høyrer heime i litterær
tradisjon. Den andre hovudeigenskapen er den livlege munnlege dåmen
som samtalane har i denne soga. Ein kunne tru at dette er eigenskapar