Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 162
160
Døme: M 517-63 og K 61«-49, M 645-73 og K 7«-“, M 177'19,
M 3313-342 og K 3323-25, M 346-io, 34i5-i7) 341«-23, 3514"17,
42i7-20) 43i-4) 457-9; 433-6, 496-8, 50i6_5i3, 5211-532, K 5329-5422,
M 543-9, 572-5, 6046-613, 616-9, 6120-623, 623-7, 627'11, 6211'13,
K 6222-24, M 6513-17, K 693o-3i.
K-t har ikkje berre mindre av omfangsrike periodar enn M-t, men og
eit sterkare tilvik til par at akse. Det viser seg m. a. i at „poly syndet-
isk ok" kjem føre oftare i K-t enn i M-t. Med „polysyndetisk ok" er
her meint tilfelle der minst 3 jamstelte ok fylgjer etter kvarandre i same
periode eller setningssamanheng. Av slike tilfelle har M-t berre 5: 1511-
162, 693-5, 696-9; 716-n, 7112-723. K-t har derimot ikkje mindre enn
25 døme: 228-30, 32i-26, 328-30, 426-28, 43i_520, 527-29, 623-24,
1q27-30j i22°-23, 1327-1423, 1427-28j 1516-19, 2426-30, 292x-22,
3528-29, 3539-3615, 3731-33, 4711-19, 5520-23, 5832-33, 6821-22,
6925-27, 7020-22, 7123_7225, 7223-26. (Merk det større eller mindre
samsvaret mellom gjerdene i 15H-162 og 1616-19, 696~9 og 6925-27,
7112-723 og 7123-7226.)
Skilnaden mellom hypotakse og paratakse er ein språkleg ulikskap, men
samstundes noko som i høg grad har innverknad på stilen. Det same gjeld
polysyndesen, som nok kan vera artistisk utnytta i sume slag litteratur,
men som til vanleg fører til at stilen får ein „folkeleg“, d. e. naiv og
uartistisk dåm4. Dette „folkelege" og uartistiske er i det heile eit ålment
sermerke ved K-t i motsetnad til den artistisk gjennomtenkte M-t.
Parataksen kjem ikkje berre i stand gjennom polysyndese, men og gjen-
nom ymse former for asyndese (som ofte er eit reint stilistisk fenomen).
I moderne prosastil kan parataktisk samanknyting av setningar vera nytta
i høve der eine setninga logisk er underordna hi med di det logiske tilhøvet
kjem fram gjennom serlege tilknytingsord, som difor, for, altså o. s. b.
Slik tilknyting høyrer mest heime i litterær, t. d. resonnerande, prosa. I
daglegtale og folkeleg stil er ho sjeldnare5. Slik er det og stort sett i soge-
stilen. Men der har vi eit viktig unnatak. Det er setningar som er inn-
leidde med pvi at. I tabellane s. 159 er av praktiske grunnar alle pvi at-
setningar medtekne i lag med undersetningane. Men i røynda er dei
sers ofte hovudsetningar, slik P. Wieselgren har haldi fram6. I B er alle
-----------------------------------—---------------------------------------
1 J. A. Dale: Studiar i A. Garb. språk og stil s. 214 med tilvis.; K. Liestøl i Maal
og Minne 1910 s. 28.
0 D. A. Seip i Edda V 11.
6 Forfattarskapet till Eigla s. 197 f.