Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 165
163
Alt i alt tykkjest ein kunna slå fast at dei to gjerdene er etter måten like
når det gjeld dei språklege grunnelementa, det som i hovudsak er ålmenn-
eige og vert nytta meir umedviti. Skilnaden i desse ting kjem serleg av
tidsfråstandet mellom tekstene og gjerdene. Fyrst når ein vender seg frå
dette elementære til den overbygnaden som er uttrykk for meir personleg
strev etter form, kjem dei mest sermerkte og iaugnefallande skilnadene
for ein dag.
SYMMETRI
H. Lie har peika på ein „symmetriserende tendens11 som noko karak-
teristisk og grunnleggjande for dialogstrukturen i Heimskringla11. Denne
tendensen er minst like framtredande i stilen til B, og det både i og utanfor
samtalane. I røynda har vi korkje i Heimskringla eller B å gjera med
noko i og for seg nytt eller originalt. Det originale ligg i alle fali ikkje
i stilmønsteret, men i evna til å nytta ut mønsteret. Den tradisjonelle
latinske høgprosaen er sermerkt ved omfangsrike, syntaktisk og rytmisk
leddelte periodar, der motsetnaden mellom dei underordna lekkane ofte
er framhevja ved serlege kunstmiddel. Denne forma for høgprosa fylgde
og med over i den litteraturen som etter kvart voks fram på norrønt mål,
- i den såkalla „lærde stilen", medan den „folkelege stilen" gav avkall på
mykje eller det meste av den framande stilprydnaden. Mellom dei ein-
skilde sogeverka og handskriftene er der likevel ikkje liten skilnad i så
måte. M-t av B er interessant ved at stilen her har haldi fast ved viktige
„lærde" drag, som vi vanleg ser mindre av i andre i.-s. Dette har vori
hovudgrunnen til at denne teksta vart rekna for uopphavleg. M-t har
fleire døme på omfangsrike periodar av den omtala typen. Men dette er
ikkje nokon hovudeigenskap. Viktigare er den stendige tendensen til
poengtert leddeling av teksta, som går gjennom heile soga og sam-
einer seg med tendensen til symmetri. Her er ei gjennomførd dialektisk
pendling mellom på ein gong motståande og samanhøyrande lekkar, ikkje
berre i innhaldet, i den dramatiske samanstøyten mellom personkarakterar
og interesser i dei lange, livfulle dialogane og elles i kunstfullt forma
meiningssamanhengar, men og i den formelle bunaden, i syntaks, rytme
og klang.
Omgrepet symmetri ber i seg at der er tale om fleire lekkar som kor-
11 Studier i Hkr.s stil s. 53.
11*