Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 167
165
vanligt, ok mun illan enda eiga 293~4, petta mun ydr pungt falla ok undan
pessi abyrgd varia komask 3410-11, pgkk ok aufusu 3416, til vitsmunanna
ok til rådagorda 458~9, pat mun fara, sem betr er, en pat mun fara, sem
makligt er 469-40, dadina ok drengskapinn 531, skgmm ok svivirSing
5318-19. Her kan ein verkeleg tala om oppattak av hovudmeininga, og for
så vidt om jamstelling av meir eller mindre synonyme uttrykksmåtar. Her
er det ikkje forteljingsgangen som krev den andre lekken. Tillegget kjem
helst som ei komplettering av forma, som rein stilpryd. Denne kompletter-
inga av forma kunne ein kalla „perifrastiske oppattak11. Gjennom
dei kjem det kunstfulle i denne stilen serskilt godt til synes.
Dei perifrastiske oppattaka i norrøn prosalitteratur er noko som gransk-
arane lenge har interessert seg for. Alt i innleiinga til utgåva si av
Barlaams s. peika Keyser og Unger på at teksta har „Tilbøielighed til Ord-
fylde, i det to, undertiden flere eenstydende Ord til Overflod sammenstil-
les". Dei nemner og „hvad der i Kongespeilet er sjældent, en temmelig hyp-
pig Anvendelse af Bogstavrimet (stafir) især i Opregninger og Ordsam-
menstillinger"14. I innleiinga til Fornsogur SuSrlanda har vidare G. Ceder-
schiold vist at allitterasjonen i riddarsogene sers ofte er kombinert med par-
vis samanstelling av ord av same ordklasse. Desse allittererande samanstel-
lingane er dels gamal norrøn arv, dels konstruerte av han som laga omset-
jinga15. R. Meissner har ei utførleg drøfting av same tilhøva i Die Streng-
leikar. Han seier: Mehr noch als allitteration und reim, auf die Ceder-
schiold sein hauptaugenmark richtete, giebt ein durchgefiihrter parallelis-
mus der ausdrucksweise der romantischen prosa ein besondres gepråge"16.
Han peikar vidare på at dette stilmerket er heller lite nytta i i.-s. („ætte-
sogene"), serleg finst i personskild ringar og „zur hebung direkter rede",
men er mykje vanlegare i riddarsogene og geistlege omsetjingar frå latin,
som er påverka av stilen i dei latinske originalane17. Meissner viser og at
j amvel der tre ord er sameinte ved allitterasjon, kan to av desse vera
serleg nær samanknytte. Dei j amstel te orda kan vera to substantiv, to
verbaluttrykk, to partisipp, adjektiv eller adverb18. Meissners romslege
14 Barlaams ok Josaphats saga s. xi.
15 Fornsogur SuSrlanda s. vif. - Jfr. og M. Nygaards stutte omnemning av dette i
Sprogl.-hist. Stud. til. Prof. C. R. Unger s. 169; vidare O. Ostergren: Stilistisk språk-
vetenskap s. 119 f.
16 Die Strengleikar s. 218.
17 Die Strengl. s. 219.
18 Die Strengl. s. 224-225.