Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 168
166
omgrep „parallelismus der ausdrucksweise" svarar til det G. Indrebø
kallar stilistisk „parallelisme" i si utgåve av Sverris s.19 Av døma går det
fram at dette omgrepet vanleg er det same som dei „eenstydende Ord“,
som Keyser og Unger tala om. Desse parallellismane vert då serlege til-
felle av det Vilh. Andersen har kalla „tautologisk konjunktion"20, ein
terminus som og vart oppteken av H. Lie. Lie gjer nærare greie for den
stilistiske oppgåva til denne figuren, som seiest verta til „ikke for å utvide
eller nyansere fellesbegrepet eller -forestillingen, men for sterkere å ak-
tualisere den hos tilhørerne ved gjennem gjentagelsen å gi tanken tid til
å dvele og ofte rytmisk vugge sig i den"21.
Til vårt bruk tykkjest det likevel naudsynt å setja alle desse refererte
og i og for seg rette åtgåingane inn i ein noko vidare samanheng. Så vidt
eg kan sjå, høver predikatet „tautologisk" ikkje serleg godt på ei mengd
med ordpar som stilistisk har same verknad som dei „tautologiske kon-
junksjonane". I ordet „tautologisk" skulle det, etter vanleg språkbruk,
liggja at båe dei jamstelte lekkane i hovudsak har same meining, jamvel
om orda kan ha ulik valør. I etter måten endå færre tilfelle har vi å gjera
med ordpar som kjem inn under omgrepet „synonym".
Både Keyser-Unger og Andersen la vekt på tydinga, og sikkert med
rette. Ser ein heilt bort frå den, vert det vanskeleg å gjeva omgrepet full
forklåring. Vi lyt halda fast på at vi her har å gjera med eit slag av-
grensa kompleks av førestellingar, som kjennest som ein stilistisk einskap.
Denne einskapen kjem likevel ikkje alltid av at dei to lekkane dekkjer
kvarandre etter innhaldet. Når Cicero seier unum ab omnibus sociis et
civibus ad id bellum imperatorem deposci atque expeti22, så høver karak-
teristikken „tautologisk" om deposci atque expeti, men ikkje om sociis et
civibus. Dei to fyrste orda forsterkar kvarandre. Dei to siste derimot ut-
fyller kvarandre gjensidig. Og likevel har vi i båe høve ei klår kjensle av
å stå andsynes ein stilistisk einskap (figur) som liknar den andre. Rett nok
kunne ein svara at det godt let seg gjera å finna eit omgrep som dei to
omgrepa socii og cives båe går opp i, at vi her m. a. o. har å gjera med
figuren distributio. Men hovudsaka er her at skilnaden, ikkje likskapen
mellom dei to lekkane vert framhevja. Difor vert det ikkje berre uråd
å tala om „synonym", men og ukorrekt å tala om „tautologi", om ein vil
“ Sverris saga s. LV.
20 Dania I 85 f.
21 Studier i Hkr.s stil s. 107.
22 De imperio Cn. Pompeii kap. 2.