Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 169
167
lata denne figuren få ei nemning. Det som knyter dei to orda sociis og civi-
bus saman, er ikkje innhaldet i og for seg, men forutan den rytmiske opp-
bygginga det at dei båe har ei analog stilling i meiningssamanhengen. Ein
kan difor litt uklårt seia at dei to lekkane i figuren piar høyra til same
tydingssfære eller -kategori, anten tydingssamanfallet er større eller mind-
re. I sume høve er det likevel vanskeleg å sjå nokon tydingslikskap i
det heile, som når Tacitus seier at germanane er skiide frå sarmatane og
dakane mutuo metu aut montibus23. Her er det ingen skyldskap mellom
førestellingane i dei to lekkane. Men dei har båe same funksjon i meininga
og same syntaktiske stilling. Dessutan er dei knytte saman ved allitterasjon
og rytme.
Som ein ser har vi her å gjera med ein „figur“ som er eit praktisk resul-
tat av innverknad frå ymse stiltendensar. Desse kan vera den sterkaste
bakanforliggjande faktoren kvar sin gong. Den einaste eigenskapen som er
til stades støtt, er samanstellinga av to lekkar. Eg har difor gripi til den
litt romslege nemninga „parvis ordstilling".
Parvis ordstilling i denne tydinga er noko vi finn både i antikk og
mellomalderleg kunstprosa og ofte i norrøn „folkeleg" stil i slike delar av
teksta som ligg serleg godt til rettes for konstruksjon eller patetisk ut-
forming. Årsaka tykkjest jamt vera strev etter rytmisk jamvekt og pryde-
leg uttrykksrikdom i innhald og form. Denne uttrykksrikdomen kan så
verta auka ved at dei to lekkane vert utbudde med serlege stilprydnader
som knyter dei endå sterkare saman, t. d. allitterasjon eller assonans24.
Mange gonger kan stereotype og tradisjonelle ordklisjear ha form av
parvis ordstilling, som vinir ok frændr, mikill ok sterkr, kjosa ok deila,
j/rjkk ok aufusu.
Oftare kan det vera tvil om kva ein skal rekna for parvis ordstilling.
Eg meiner likevel at figuren i dei fleste høve let seg identifisera så sikkert
at han kan gjeva grunnlag for ein statistikk som gjev eit korrekt hovud-
23 Germania kap. 1.
24 Forns. SuSrI. s. v f. - Samanhengen mellom slike stilfigurar i norrøn prosa og
latinske førebilete er framhalden av F. Paasche i Festskr. til F. Jonsson s. 203. - I
lovene, som lenge vart overleverte munnleg, har den faste rytmiske oppbygginga og
allitterasjonen sikkert også tent til hjelp for minnet. Jfr. t. d. den gamle TryggSa-
mål-formelen. Men i lover som vi veit er utforma i litterær tid, finn vi det same.
Grunnlaget for desse konstruksjonane i norrøn prosa er såleis jamt eit anna enn i
„Else Skolemesters-stilen11, der kombinasjonen av synonym ofte tener til å få fram
det fulle innhaldet i ein tanke (eit omgrep) eller kan vera eit middel til å briljera
med kjennskap til framande og lærde ord (V. Andersen i Dania I 87-88).