Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 170
168
inntrykk. Ved noteringa har eg freista å halda meg til slike tilfelle der
det tykkjest klart at figuren er uttrykk for ein rein stiltendens. Eg har
difor sett bort frå stader der innhaldet gjer at det kan vera val mellom
herre to alternativ, som sekdir eda sjålfdæmi 378>30-31, 4713'14> 29, 5721,
sannara eda réttara 3323'24, ngkkura scemd eda enga 5515, jfr. 5533.
I B er parvis ordstilling ikkje nytta så ofte som i typisk „lærd“ stil
eller riddarsogestil. Men at vi har å gjera med eit medviti stilmiddel også
her, og ikkje herre noko som slumpar til å fylgja med i all normal prosa
i i.-s., vert tydeleg ved jamføring med andre soger. Eg skal illustrera dette
med nokre tilfelleleg valde prøver frå fleire slag norrøn litteratur. Til
prøvene har eg talt opp alle døme på parvis ordstilling innan eit tekstom-
råde som svarar til 10 sider i G. Jonssons „fslendinga sogur“, i byrjinga av
fylgj ånde sogeverk:
Bandamanna s. (M-t) ................... 34 døme
Borlåks s. byskups (yngri ger3) ......... 54 —
S. af Tristram ok fsgnd ................ 113 —
Egils s. Skallagrimss.................... 27 —
Eyrbyggja s............................... 9 -
Laxdcela s............................... 16 —
Njåls s.................................. 10 -
Vatnsdæla s.............................. 41 —
Hrafnkels s. FreysgoSa .................. 15 -
Ljosvetninga s........................... 10 —
Grettis s................................. 7 —
Sturlu s. (i Sturlunga s.) .............. 13 -
Eit tilsvarande stykke i Heimskringla,
prologen + Ynglinga s. kap. 1-6 ......... 21 -
Som ein ser, er det herre Vatnsd. av dei medtekne i.-s. som har større
tal enn B. Men fremste delen av den soga byter seg ut ved sterk tilnærming
til lærd stil.
Denne tabellen gjev sjølvsagt ikkje noko sikkert bilete av den ålmenne
frekvensen til parvis ordstilling i dei medtekne litteraturverka. Men han
skulle vera nok til å visa at M-t av B har ein relativt høg frekvens av
dette stilmerket, så høg at vi lyt sjå det som uttrykk for ein klår stil-
tendens. Dette stilmerket er heller ikkje noko sereige for M-t i B, men
finst og mange stader i K-t, j am vel om døma der er færre og ikkje alltid
dei same som i M-t.