Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 175
173
Den voggande rytmen vert serleg kjenneleg i døme der andre lekken
er lengst. I samband som odæll ok uppivgzlumikill 615—71, Stranda ok
norSrsveita 72, vel ok lidmannliga li13, pgkk ok aufusu 3416, mått né
lidsafla 484 er det trykklette bindeordet med og formar „lett taktdel“,
slik at båe halvpartane av figuren får ei analog rytmerørsle. Same rytme-
kurvane får vi og om dei to lekkane i og for seg er j amlange, når dei
har meir enn ei staving: as ja ok trausti 104, kunna né vilja 107, til vits-
munanna ok til rddagørda 458"9. At siste lekken er lengre, kan likevel ikkje
kallast nokon regel, allvisst ikkje i B25. Vi har såleis døme på at båe dei
jamstelte orda har herre ei staving (kretikus): rétt ok satt 3415. Dette
kan bryta den jamne glidinga i føredraget, men gjev figuren sterkare av-
grensing og indre samanheng. Det same gjeld ein type som er sers vel-
kjend i norrønt mål og vanleg i B, med lengre førelekk og trykktungt ord
til slutt (Sievers’ E-type) : mikill maSr vexti ok sterkr 615, van kona ok
ung 1211-12, ættstorr ok vitr 422 3—■431. Men også denne typen let seg
forklåra ut frå tendensen til rytmesymmetri („Ligevægtsfigurer11), slik
V. Vedel har haldi fram26. J. A. Dale talar her om „jamvektstelling"27.
Ein kan vel langt på veg kalla det regel at dei to jamstelte lekkane re-
presenterer ei rytmerørsle som er analog anten med eit visuord eller ein
visufjordungr, det siste t. d. i gørviligr madr og gerisk rammr at afli 72-3,
storaudgir ok hafi stadfestur godar 5017, kynrikir ok vel mannadir sjalfir
5017-514. (Dei to siste døma får då ihoplagt ei liknande rytmerørsle som
ein helmingr.)
Den patetiske kraft som stilen får gjennom slik oppbygging, er i B
ikkje avgrensa til direkte tale, men går att også der sogemannen sjølv
fører ordet. Dette viser at vi ikkje herre har å gjera med dramatisk inn-
leving i visse situasjonar, men med kunstmiddel som vert dyrka for sin
eigen del, som pryd for teksta.
Den pendlinga mellom motsetnader i innhald (og eventuelt form) som
er påpeika ovanfor, får serskilt sterk logisk tilkvessing i antitesen.
Antitesen er ein av dei dominerande figurane i antikk kunstprosa og
mellomalderleg lærd stil. Han er heller ikkje framand for norrøn stil,
serleg i bundi mål. Ein kan t. d. minna om byrjinga av Egill Skalla-
grimssons ArinbjarnarkviSa. I norrøn prosa legg ein derimot of tast ikkje
serleg mykje merke til han. Eit unnatak i så måte viser Laxdæla s. Men
“ Jfr. O. Ostergren: Stilistisk språkvetensk. s. 120.
26 Edda XII 276-277.
27 Studiar i A. Garb. språk og stil s. 155-156, 244-246.