Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 183
181
i båe gjerder, viser at denne kunstferdige stilfiguren ikkje har vori fram-
and for han som forma soga opphavleg.
Med responsjon meiner ein vanleg oppattak av viktige ord i ulik
samanheng30. Slike oppattak er eit av hovudsermerka for antikk kunst-
prosa og eit viktig stilmerke også i Heimskringla. I B har responsjonane
serskilt mykje å seia. På dette feltet er det som den dialektiske givnaden
til sogemannen har teki seg frie taumar til å spela seg. Sume ord er som
ein hall, som vert kasta i lufta og teken att, snart av den som kasta, snart
av ein annan. Eit godt døme på dette er namnordet konungr i kap. 10 (M
603~13, K 6017-28), som kjem att gong etter gong, snart i same form,
snart i ei onnor kasusform, snart som vanleg appellativ, snart som
tittel, - til å byrja med i vanleg tyding, men til slutt metaforisk i eit
ordspel (antimetatese)31. På denne staden er og båe tekstene så like
at det ikkje kan vera tvil om at vi har å gjera med noko opphavleg. Eit
anna godt døme er verbet svikja i kap. 10 (M 641-5, K 6419-23).
Responsjonane kan skil jast i to typar: kongruente oppattak og oppattak
av same ordet i onnor høygningsform (polyptoton)32. Til vårt bruk
er det likevel lite føremålstenleg å leggja denne distinksjonen til grunn.
Sers ofte vert i B dei to oppattakingsmåtane nytta om ein annan, t. d. på
dei to nemnde stadene ved orda konungr og svikja. Viktigare enn bøyg-
ningsforma til orda er plassen deira i samanhengen og tydingsnyansane.
Vi tek difor føre oss responsjonane utan omsyn til bøygningsformer. Til
responsjonar har eg og rekna tilfelle der eit ord som er samansetningslekk,
er oppatteki.
Om responsjonane kan ein reint ålment seia at det er mykje meir av
dei i M-t enn i K-t. Eg skal ikkje gjeva nokor fullstendig opprekning av
alle dei stadene som kunne koma på tale her, også av di at det oftare kan
vera tvil om kor vidt eit oppattak har vori medviti stilmiddel eller herre
er tilfelleleg. Men eg skal peika på nokre typar av oppattak som er serleg
viktige for stilen eller strukturen til soga (mest i M-t).
Før vi går over til meir ålmenne og raffinerte typar, skal eg nemna
eit par døme på heller primitive responsjonar. I ja, ja M 581 er opp-
attaket etter Fritzners tolking emfatisk, tener til å framhevja stadfestinga.
Men vel så nær ligg det å taka svaret for eit uttrykk for utolmod, slik
30 R. Meyer: Deutsche Stilistik s. 107; U. Albeck: Dansk Stilistik s. 125. H. Lie
nyttar ordet i ei trongare tyding (Studier i Hkr.s stil s. 68 f).
31 U. Albeck: Dansk Stilistik s. 125.
32 W. Wackernagel: Poetik, Rhetorik u. Stilistik s. 428.