Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 184
182
det doble „ja“ ofte er nytta i nyare norsk og islandsk. Herm. har det
annsamt med å koma over til sjølve godsdelinga og vil verta ferdig med
formalitetane snarast råd er. Han tenkjer difor ikkje så nøye over kva han
svarar på. — Annleis står saka ved Herm.s oppattekne omnemning av den
løynde pengesummen like før han døyr, i kap. 12 (721’26). Her viser
oppattaket kva som stendig stod for hugen til den gamle gniaren like til
hans siste stund. Jamt ligg han og mullar på det same, anten ein no skal
skjøna det som syndsvedkjenning, som trong til å openberra løyndomen for
arvingane eller berre som uttrykk for gjerugskap. — I båe desse døma har
oppattaket ei serleg oppgåve når det gjeld å få fram ein innhaldsnyanse.
Andre tider er derimot samanhengen med innhaldet mindre klår. Vi skal
no sjå på ein del responsjonar som fyrst og fremst er rein stilpryd, og som
berre delvis og indirekte let seg setja i relasjon til forteljingsinnhaldet.
Eit serskilt slag responsjon er dei tilfella i dialogar der eit ord i ein
replikk vert nytta oppatt til utforming av svaret. Ein kunne kalla denne
typen for „dialogisk responsjon“33. Dette slaget finst ofte i Edda-
kvæda. H. Lie har drøfta det serleg grundig når det gjeld Heimskringla.
Han nemner t. d. frå 01. s. helg. kap. 176 kong Olavs ord: „Qndurdr
horf ir f>u vi3 t dag, Erlingr", og Erlings svar: „Qndurdir skolu ernir
kloask". Dette er eit stilmiddel som vi finn serskilt ofte nytta i B, og med
mange døme sams for båe gjerder34. Dei viktigaste er desse:
M 78,iij k 724.27 lofadr, lo fadir
M 171-3, K 1629, 1724 godord (it)
M 194,5 ekki gladr, ogladr
M 197, K 1928-29 hryggir
M 282-3, K 28”.18 madr, mann, madrinn, i K også godan, gådr
M 306,7, 9, 13; K 3024, 25, 26 sekr, sekr sem hann mun
M 309>10 sannr
M 3014, i5; k 3028-29,30 vgrn fannsk i målinu, vgrn finnask i måli, spjgll — å målinu, spjgll å måli
33 A. Heusler talar om „wortaufnahme" (Der dialog s. 234).
34 H. Lie seier om dette stilfenomenet at „knapt noesteds optrer den med en slik
hyPP>ghet og med en slik velberegnet virkningsfullhet som i Hkr.“ (Studier i Hkr.s
stil s. 69). Dette er litt sterkt iteki. Allvisst når det gjeld frekvens, står B på ingen
måte attende for Hkr., og ei slik lekkje av dialogiske responsjonar som den vi finn
i B kap. 5 (30”-1®), kan Hkr. vel ingen stad oppvisa maken til.