Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 186
184
I autologiske responsjonar kan figuren polyptoton gjera seg sers godt, t. d.
i M 4317>18 mikit, meira (polyptoton framhevjar antitesen); 5913 lyst,
lysa. Men andre gonger kan oppattaket vera sameint med eit sterkare
skifte i tydingsinnhald. Det gjeld om det tidlegare nemnde dømet på
variasjon av tydinga til ordet konungr, som ved siste oppattaket vert
nytta til å laga eit ordspel (jfr. s. 181). Slike ordspel grunna på tydings-
motsetnad er eit uprimitivt, intellektuelt drag35.
I ordspelet vert heile ordet nytta med skiftande tyding. Langt på veg
same kunstverknaden kan ein få ved variert bruk av avleiingar frå same
ordstomnen, d. e. „etymologiske" samanstellingar av nærskylde ord.
Gjennom desse får vi på ein verknadsfull måte samstundes likskap og
kontrast i form og tyding. Heller bleike, og kan henda meir tilfellelege,
er ymse kombinasjonar i rammeforteljinga som M l6 kvæntr, kona, Kl15
kvångadr, kona; M 25>8; 12<ls madr, inenntr, K 227,28 madr, mannadr;
M 514 bunad, buinu; M 95’6 heimtir, heimtur, K 918'19 heimtir, heimt-
urnar. Klårt kunstnarleg er derimot variasjonen i antitesen 611 (ilis af)
verdir, virding, og i 671 hlægligt, hlæi; 678’10 merkilig, mark adi. Eigen-
leg figura etymologica har vi i 6614-15 brigzlum, bregda36.
Ein nærskyld ordleik som ein lyt leggja serskilt merke til i B, er opp-
attak av ord i ulike samansetningstilbøve. Døme på dette er Of.s jong-
lering med ordet dæmi i ulike samanhengar, i M 451«2 og K 4522>23
fådæmum, dæmi; i M 578>9’10’12 sjalfdæmi, dæmi, jådæmum; vidare
i M 534’ 2 drengskapinn, drengr.
Ei form for responsjon (til vanleg autologisk resp.) som er serskilt vel
før til å hevja stilen opp på eit retorisk plan, er anafora, oppattak av
same orda i innleiinga til setningar som fylgjer tett på kvarandre37. Ana-
fora i denne tydinga er lite nytta i i.-s.38 Dette heng sjølvsagt for ein del
saman med at i.-s. i det heile har lite av verkelege talar, og endå mindre
av talar med stor retorisk patos, slik vi møter det i den antikke litteraturen.
I B har vi likevel nokre døme. Mindre å leggja brett på i så måte er
oppattaket av nekting ekki - engi i 26> 7> 21>22, då nektinga så ofte kan stå
i brodden av hovudsetningar39. Lengda til dei to jamstelte periodane og
rytmen deira samsvarar likevel så godt (i M-t), at ein må tru også opp-
33 U. Albeck i APhSc XIV 199.
36 Meyer: Deutsche Stilistik s. 48-50.
37 Wackernagel: Poet., Rhet. u. Stilist, s. 425; Meyer: Deutsche Stilistik s. 101-103.
38 I. Netter: Die dir. Rede s. 154.
38 Nygaard: Norrøn Syntax § 343 a.