Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 190
188
Desse døma viser som vanleg at parallelliteten er mest gjennomførd i
M-t, bortsett frå det siste. M-t har dessutan sume døme på slik fjernare
parallellisme som heilt vantar tilsvar i K-t, såleis sem mun 32°>1 6 (jfr.
likevel 3025’26), ok lauk svå hans æfi 722, 748 (om dauden til dei to
skurkane).
Til dels mindre synbert, men meir raffinert, er bruket av samanknyt-
ande oppattak i høve der sogemannen umerkande og systematisk legg til
rettes og psykologisk førebur oss på framtidige storhendingar. Eit godt
døme på dette gjev Of.s karakteristikk av Eg. i kap. 10: en nu er så einn
eptir, er gllum mun pykkja ilis at van 6121—621. Desse løynske og trug-
ande orda, som er mynta på hovdingane, vert oppattekne og liksom inn-
prenta stutt nedanfor 628~9. Med dei førebur Of. sambandsfelagane på
at dei vil få lite å takka Eg. for. (Of. kan sjølvsagt godt rekna ut på føre-
hand at det vil verta Eg., og ikkje Gell., som vil få den oppgåva å sitja
fyrir svgrum.) At førelaget til utf. av K-g har hatt eit tilsvarande opp-
attak, ser ein av gllum er kunnigt 6221'24. Men i K-t er sambandet
mellom dei oppattekne orda og hendingane etterpå mindre klart.
Sume oppattak kan verta nytta med heller lange mellomrom, slik at
dei fyrst held på å gå i gløyme. Men etterpå vender dei tilbake med så
mykje større vekt, fornyar brått spaninga og skaper ei stemning som i seg
sjølv vert ein psykologisk tråd i forteljinga43. Denne kunsten kjem fram
i kap. 3 og 4. Den som er skarp nok, bør få mistanke alt då han høyrer
om Osp.s dugleik som sauesankar: urdu godar heimtur, misti einskis saudar
M 95-6, urdu godar heimturnar K 919. Like godt går det etter at Osp.
har fått hånd om gardsstyringa: verda heimtur godar; er r'ikt fylgt ok miss-
ir einskis saudar, hvårki jyrir sina hgnd né Odds M 126-7, urdu heimtur
godar ok missir liann einskis saudar, hvårki fyrir sina hgnd né Odds
K 1221-23. Dugleiken til Osp. når det gjeld å få tak i sauer, vert liksom
hamra inn i medvitet, like eins kor heppen O. brukte å vera med sauene
sine. På denne måten vert vi psykologisk førebudde på å gjera oss opp ein
sikker mistanke, då det seinare, etter brotet mellom O. og Osp., brått
hender at alle dei beste sauene til O. er borte.
Den oppattekne omtalen av korleis det går med sauesankinga, tener
mest til å leggja den intellektuelle forståinga av det som hender seinare,
til rettes. Men i breidd med denne rada av oppattak går ei onnor, som
"3 Jfr. HallgerSs hår i Njål. (E. 61. Sveinsson: Å NjålsbuS s. 43); venleiken til
Helga in fagra i Gunnl. (B. M. Olsen: Om Gunnlaugs saga Ormst. s. 21). Jfr. og
N. Svanberg: Svensk stilistik s. 121.