Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 197
195
vi kan straks gissa oss til at utfallet av gjestinga hans ikkje vil verta slik
som han kunne ynskja.
Som vi har sett, er stilen i B siett ikkje „knapp“ på den måten at det
jamt er nytta fåe ord til å få fram ei meining. Her er tvert imot eit
ålment strev etter fullnad, amplifikasjon. Men dette tyder ikkje at soge-
mannen ikkje kan seia mykje med fåe ord der han finn det føremåls-
tenleg. Og litotes er eit av dei midia han kan nytta til dette. Gjennom
slike lakoniske, klokt plaserte ord kan han liksom i ein blenk kasta Ijos
vidt utover landskapet og openberra store samanhengar som han elles
sparer seg å greia nærare ut om. Når det heiter om O.: engi var hann
verklundarmadr M 27, gjev det både ein sentral karakteristikk av O.
sjølv og samstundes den psykologiske forklåringa på at far hans var beisk
mot han. Då Våli kjem til SvplustaSir på njosning, vert han godt mot-
teken: Ospakr var (er) allkdtr 216'30. Den kåte maska til Osp. er dekke
over lurande angest og mistanke, men viser samstundes dugleiken hans til
å te seg med klok utrekning (jfr. s. 151).
Litotes og pregnans kan vera sameinte med det gjennomførde bruket
av ironi i soga vår. Ironi er nett uttrykksforma til vitringar. Of. iron-
iserer stendig. Ironi finn vi og hjå Eg., hjå den vise Lor., hjå Herm., ja
til og med hjå O., men fyrst og fremst hjå han som har laga heile soga.
Ironien sveiper seg kring innhaldet liksom i lag etter lag, det eine utanpå
hitt, slik eg har vist tidlegare i stykket om personskildringa.
H. Lie har jamført biletbruket i Sverris s. med biletbruket i Heims-
kringla og viser at det i Hkr. er bleikare og meir konvensjonelt48. På dette
omkvervet står B utan tvil nærare Sverris s., men er kan henda endå meir
raffinert. I Sverris s. kjem det livlege i bileta fram ved at forfattaren
nyttar serleg levande, uventa, til dels beint fram groteske bilete. Eit slikt
levande bilete har vi i B når „kamp“ vert omskriven med pegar svart-
leggjur49 koma a lopt 665, jfr. 6622, eller når det i M-t heiter at margra
manna augu verda féskjalg 3114. Men dette er unnatak. Dei fleste meta-
forane i B er av det meir fargelause slaget som truleg har høyrt med til
ålgjengd språkleg skiljemynt. Meisterskapen i B syner seg likevel i det at
sogemannen kan oppnå stor effekt også gjennom det tilvande og velkjende.
Det skjer når han med medviten kunst kombinerer i og for seg banale og
halvslitne uttrykk, slik at grunntydinga stig fram med fornya og friskt
48 Studier i Hkr.s stil s. 111-112.
“ svartleggja er brukt om øks også i Sturlunga (Falk: Waffenkunde s. 115. Om
tydinga og same arb. s. 117).
13*