Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 198
196
innhald i form av eit paradoks50. Såleis med metaforane leggja nidr og
taka upp, som kvar for seg har vori nytta sers mykje i kvardagsmålet og
difor må ha vori avbleikte51. Men når Of. seier at hovdingane har lagt
nidr dadina ok drengskapinn, en tekit upp rangleeti ok ågirni M 626-7,
valdar kontrasten at opphavsførestellingane brått får liv. Ein vits av same
type, laga av ein metaforisk antitese, nyttar Eg.: eigi var pat, Hermundr,
er fru satir nu å hlustinni, er pu stolt upp 6313~14, jfr. 6328-29. Fritzner
har herre denne eine staden å visa til for ordlaget sit ja å hlustinni52. Men
det er mogeleg det har vori eit oftare brukt uttrykk for å høyra dårleg
etter. Hjå den munnrappe Eg. vert det ein vittig kommentar til Herm.s
patetiske stgndum upp like ovanfor.
At sogemannen i B like lite som i Sverris s. skyr det groteske, kjem
endå tydelegare fram i samanlikningane. Rett nok er fleire av dei
stutte og lite utførde, slik som vanleg i i.-s.: sem fyrir konungum 603-4>17;
sem strengr gjalli 717’ 20; svart sem tjara M 745; sem vinir mundu kjdsa
K 7024-25. Eit sermerkt og målande bilete har vi i K-t når Of. spør Eg.:
hvt er, sem pu verdir utan veggjar vid hjalit? 4626’27. H. Lie har vist at
samanlikningsrikdomen i dialogane er større i Sverris s. enn i Heims-
kringla53. Ingen av dei døma H. Lie nemner frå Sverris s. kan likevel
jamførast med eit par av samanlikningane i B når det gjeld saft og kraft.
Når det heiter at Borgeirr ikkje har meir vit til å døma heldr en uxi eda
asni M 618-9, har vi ikkje herre å gjera med ei uvanleg grotesk jamfør-
ing, men her har jamføringa og fått eit førestellingsinnhald og ei kunstig
dobbelform som klårt vitnar om opphav i framand litteratur. (Ordet asni
finst ikkje andre stader i i.-s.) Den andre uvanlege jamføringa er og
knytt til utanlandske tilhøve: ok hefir mer farit sem varginum; peir etask,
par til at halanum kemr, ok finna eigi fyrr M 6119-20, jfr. K 6128-30
(sjå ovanfor s. 111 f). Jamvel om denne siste samanlikninga kan henda er
utforma utan framandt mønster, vitnar båe desse døma om ein stilvilje
som stikk seg ut frå det vanlege i i.-s., og vert ei ny stadfesting på kor
sjølvstendig denne sogemannen steller seg til sogetradisjonen.
Eit framtredande sermerke ved den ytre stilbunaden til i.-s. er visse
tradisjonelle overgangsformlar. Når ein ser bort frå dei ymse slag
“ Jfr. Svanberg: Svensk stilistik s. 95.
01 Jfr. Fritzner II 448: leggja nidr 5, III 671: taka upp 5.
52 Fritzner: hlust.
a Studier i Hkr.s stil s. 112. Samanlikningane i i.-s. opprekna hjå B. Doring:
Bemerkungen s. 38-39.