Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 200
198
stilmiddelet sers mykje nytta. Såleis er ei rad av dei stilfigurane som er
omtala ovanfor, slikt som jamvektsstilling, ymse antitesar, anaforiske
oppattak, dialogiske responsjonar og andre parallellkonstruksjonar, jamt
framkomne gjennom inversjon. Det vi no har høve til å konstatera ved
desse inversjonane, er den uvanlege ordstillinga. Plassen til eit ord har
sikkert og i seg sjølv vori eit hovudmoment til å gjera ordet åtgådd. Men
den interessa for ordet som ligg bak plassbytet, må samstundes ha ført
med seg at ordet vanleg fekk sterkare trykk i tale. Dei emfatiske inver-
sjonane er eit hovudgrunnlag for den dramatiske spaning og kraft som
vi så ofte finn i stilen til i.-s., og ikkje minst i soga vår. F. Jonsson, som
elles i iteresserte seg heller lite for stilistiske finessar, nemner eit døme på
dette frå Snorri Sturlusons soge om Olafr Haraldsson. Det er då Olafr
Haraldssons sendemenner og Rggnvaldr jarl på Uppsala-tinget fåfengt har
freista å få Olafr sænski til å gå med på fred. Etter ein toretale av
svenskekongen vert det fyrst stilt: på stod upp Porgnyr —55. Her står dei
trykktunge orda på og Porgnyr i endane på setninga, medan den ordinære
ordfylgja, på stod Porgnyr upp eller Porgnyr stod på upp, kjennest matt
i j amføring. Denne dramatiske ordstellingsmåten finn vi og att heilt til-
svarande i M-t av B: på stendr upp Porarinn 6612'13. Liksom Porgnyr
i Olafs s., slik er Por. i B visdomens serlege forpaktar. Alle vert spana på
kva han har å seia. Men medan spaninga i Olafs s. får utløysing gjennom
ein endå meir saftig toretale enn den svenskekongen hadde haldi, løyser
spaninga i B seg opp i flau komikk: Den store vismannen vert målbunden
og handfallen før han i det heile har fått koma til orde.
Både i antikken, mellomalderen og seinare, så lenge klassiske stilideal
dominerte, var det vanleg at kunstverka, og ikkje minst dei litterære,
nokså rigorøst vart skipa i tradisjonelt fastlagde og klårt skiide båsar,
genrar. Den såkalla „sogestilen" er ei servoren tilmåting av den over-
tekne europeiske prosateknikken, ein genre for seg, i motsetnad til „lærd“
stil og „riddarsogestil". Sermerkt for genre-omgrepet reint ålment er det
at både innhald og form gjennom tradisjonen meir eller mindre strengt
vert avgrensa til dominerande normer og typar. Når det gjeld i.-s., var
det ikkje herre slik at det var visse slag innhald som var sgguligt, men
og ein fast tradisjon for den tilhøyrande mål- og stilbunaden — liksom i
55 Den store saga om 01. d. hell. I 16710; ff. XXVII 115. — F. Jonsson: Litt. hist.
II (1923) s. 710.