Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 201
199
folkeeventyra. Denne innhalds- og stilgenren er noko overpersonleg og
konstant. Vi møter nok mange individuelle variasjonar. Men prinsipielt
er genren ein etter måten nøye definert storleik.
Her og der i sogelitteraturen kan vi likevel råka tillaup til å setja seg
ut over denne tradisjonelle norma, til å skapa ein prosa der stilen er meir
ledig og variert og kan skifta karakter etter innhaldet i det fortalde. Oftare
kan ein finna dette i replikkar. Sogepersonar kan t. d. ordleggja seg både
kvast og kjapt i ei snever vending56. Der finst og døme på at ein person
forlet den vanlege sogestilen og etterliknar kyrkjeleg stil57. Men allvisst
når det gjeld framstelling av eit snøgt hendingslaup, med spaning som stig
til eit høgdepunkt, kan vi og i vanleg forteljing, der sogemannen sjølv fører
ordet, finna døme på at den syntaktiske og stilistiske forma vert medviti
tilmåta til innhaldet. Viktige middel til å få fram slik verknad er historisk
presens, asyndeton, paratakse og stutte setningar. A. C. Bouman har peika
på dette når det gjeld Viga-Glums s. kap. 16 (jfr. her ovanfor s. 161,
merkn. 9). I B har vi noko tilsvarande i den stutte fråsegna om då Våli
gjekk heim til husa og inn på SvglustaSir (M 2513-261). I denne rada
av stakkato-stutte, symmetriske og asyndetiske konstruksjonar er det som
om ikkje herre forteljar og åhøyrarar, men setningane sjølve held pusten
av herre spaning. At stiltillaup av dette slaget ikkje viser seg oftare i B
utanfor replikkane, heng vel dels saman med at vi ikkje andre stader har
situasjonar med så intens spaning, dels med at så store delar av soge-
innhaldet elles er forma i dir. tale, slik at dei ikkje kan reknast med.
Dette dømet er eit sermerkt uttrykk for den dynamikken som fyller
stilen til soga vår på så mange vis, men som får si rikaste og friaste
utfalding i samtalane.
M Jfr. fråsegna i Ljosv. om då H<jskuldr PorvarSsson kom til FornastaSir og bad
om hjelp (ff. X 76) eller replikkskiftet mellom Erlingr og Skjålgr i Hkr. 61. helg.
kap. 118 (ff. XXVII 201).
57 Såleis Njål. kap. 116: er nu fegit hjarta mitt tilkvdmu pinni (ff. XII 289-
290), kap. 122: it sætasta Ijos augna minna (ff. XII 309) (jfr. E. 61. Sveinsson:
Å Njålsbu5 s. 21; ff. XII s. cxxxv). I Porgils s. ok HafliSa seier BijSvarr Ås-
bjarnarson til borgils Oddason: hygg at pu, hvar vér erum komnir, at petta skal
vera sættarfundr vid gud, er vér hgfum d kirkjuhelgi sott ok bidjum oss miskunnar.
Nu er t pessu ok kirkjufrid raskat, ok er petta fyrir pd sgk odeemaverk. Hitt er ok
annat, at yfir stendr dagshelgrin, er ver hgfum alla hjalp af hlotit, ok sjalfr gud
almdttigr lét sina mildi ok miskunn svd mikla skina ok birta d pessum deginum.
Pat er ok til at telja, at grib ok fridr er settr um pingit ok pinghelgrin stendr yfir,
ok er petta fyrir pvi it mesta lagabrot (Kålund: Sturlunga I 2723'31).