Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 202
200
SAMTALANE
I. Netter har peika på det som noko karakteristisk for i.-s. at per-
sonane så sjeldan viser seg aleine58. Som eit av dei fåe unnataka nemner
ho skildringa i B av korleis Of. reikar att og fram mellom buene på All-
tinget føre samtalen med Eg. Ho set dette i samband med eit tilhøve som
er framhevja alt av Heusler, at verkelege monologar så sjeldan finst i
sogene. Dei let seg i røynda ikkje sameina med „dem Realismus der
Saga“59. B fylgjer regelen. Her finst ikkje monologar i det heile60. Men
så mykje meir ruver vekselspelet mellom fleire personar. Og dette kjem
serleg til uttrykk i samtalane.
SCENISK ARRANGEMENT
Ramma kring samtalane er støtt sers einfelt. Av samanhengen tykkjest
det gå fram at samtalen i kap. 1 går føre seg på Reykir. Samtalane i kap. 2
går føre seg i HrutafjgrSr („fortald tale“) og på Melr, i kap. 3 på
Meir, i kap. 4 på SvplustaSir, i Langadalr og på Melr, i kap. 5 og 6
på Alltinget, i kap. 7 på Alltinget og i nærleiken av Meir og Reykir, i
kap. 8, 9 og 10 på Alltinget, i kap. 11 på Meir og i RorgeirsfjprSr, og
endeleg dei to utsegnene i dir. tale i kap. 12 den eine på RorgautsstaSir
(Gilsbakki), hi på SvplustaSir, medan ein samtale på BpSvarsholar er
indirekte attgjeven. Her er ei stendig skifting mellom lokalitetar, liksom
og dei deltakande personane er frå vidt skiide landsluter. Men hovud-
“ Die dir. Rede s. 96 f.
“ Same arbeid s. 101 f.
“ Ei serleg form for monolog kjem fram i såkalla „fri indirekte stil“ („style
indirect libre“ eller „erlebte Rede“ - den norske nemninga hjå J. A. Dale: Studiar
i A. Garb. språk og stil s. 73. J. Brøndum-Nielsen brukar nemninga „Dækning" eller
„oratio tecta", t. d. i Køb. Univ. Festskr. 1953). Ved denne stilen vert ein per-
sons tale, eller oftare tankar og hugrørsler, attgjevne i vanleg forteljeform, men
likevel slik at lesaren liksom ikkje lenger ser tinga med augo til forfattaren, men
med augo til den omtala personen. I. Netter drøftar spørsmålet om slik stil finst i
i.-s. (Die dir. Rede s. 5f). Ho kjem til det at dei døma som kan påvisast, er fåe
og diskutable: „eine wesentliche Rolle spielt die erlebte Rede keinesfalls in der
Saga" (Die dir. Rede s. 9). Som eit av dei meir tydelege døma nemner ho (s. 7)
skildringa i B (M-t) kap. 8 av korleis 6f. driv omkring på tingvollane i rådløyse,
og der orda en i malt <vdru engar <vernd.tr 4010 kan tolkast som fri indirekte stil. -
Men jamvel om denne tolkinga skulle vera rett, er eit så eineståande og stutt døme
alt for lite til å få nokon innverknad på den meir ålmenne stilsvipen til soga. - K-t
har eit døme i 26* 1"35.