Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 205
203
ULIKE FORMER FOR LITTERÆR ATTGJEVING
AV SAMTALANE
Vekselspel mellom fleire personar kan attgjevast litterært på ymse
måtar: ved direkte attgjeving av utsegnene til kvar av dei deltakande
personane (direkte tale, dialog i vanleg meining), ved utførleg attgjeving
av sume eller alle utsegnene i indirekte, refererande form (indirekte tale),
ved summarisk opplysning om hovudmeininga i det som vert sagt (fortald
tale)67, og endeleg ved at opplysning om sinnstilstand og meiningar hjå
aktørane vert uttrykt symptomatisk på onnor vis. At sjeleleg reaksjon
kjem fram i ord, er sjølvsagt det vanlegaste. Og dette gjeld ikkje minst B.
Døma på andre former for reaksjon er her heller fåe68. I. Netter peikar
på samspelet mellom Eg.s mimikk og C>f.s etterfylgjande replikk, då Eg.
får auga på pengepungen 46 iS-471 og 4623-4717. Eit tilsvarande døme
har vi i M-t når det gjeld domarane 3412"15. O. svarar med å overlata
ein pengepung M 3114-15. Por. reagerer med å reisa seg 6612-13>24.
Gåvene til O. utløyser kommentar 708-12’25-28 (i K-t er og Eg.s trist-
leik utløysande faktor).
Eit typisk uttrykk for negativ reaksjon er i i.-s. det at eine parten vert
fåmælt eller teier. Togn som uttrykk for at vedkomande er misnøgd, har
vi likevel ikkje noko døme på i B. Derimot har vi ei rad døme på at ein
person tagnar av di han ikkje veit kva han skal svara, såleis 253-4>20,
2912-13,28> k 3831, M 6612, M 674, M 6712. Når Skegg-Broddi og
Jårnskeggi ikkje vil svara M 6712-14, jfr. K 6730—6820, er det ikkje
herre det at dei kjenner seg uføre til å hamla opp med Eg. i ordstrid, men
og av di dei vil få slutt på skandalen. I sume høve kan togna ha fleire
motiv. Såleis teier Våli 253-4’20 vel og av di han er sorgfull, og O. 3831
av di han vert fortenkt. Men døma på denne reaksjonsmåten er for fåe
til at vi kan avgjera om dei to gjerdene viser ulike tendensar.
Mellom forteljinga elles og fortald tale kan det vera vanskeleg å draga
klåre grenser. Undersetninga i peir hgfdu fram mål sin ok stefna Oddi
til alpingis fyrir pat, er hann hafdi Idtit bera fé i dom at olggum M 388-10
er såleis ikkje medrekna. Rett nok kan ho takast som forklåring av kva
den framsagde stemningsformularen galdt. Men stefna er ikkje eit eigen-
eT Netter: Die dir. Rede s. 77-78.
68 Om reaksjonsuttrykka jfr. Netter: Die dir. Rede s. 61 f; Jeffrey: The Discourse
s. 11.