Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 207
205
Dir. tale Ind. eller Forteljing
fort. tale
K 4719 M 473
K 5825-26 M 588-10
K 5829-31 M 58H-12
M 631-8 K 6323-24
K 6819-20 M 6713-n
K 682 5 M 6812-i3
K 6828-30 M 68i6-691
I fremre halvparten av soga er altså ulikskapen støtt den at M-t har
dir. tale, medan K-t har ind. tale. I den seinare halvparten er det vanleg
omsnudd. Døma tykkjest vera for mange til at her herre kan vera tale
om slump. Det ligg nær å setja dette i samband med det tilhøvet at dei
to gjerdene ålment har mest av forteljing og ind. tale i fremre delen av
soga, medan tyngda av innhaldet er replikkar lengre bak. Utf. av K-g har
heile tida teki arbeidet på ein heller lettvint måte og har liten sans for
finare nyansar. I fremre delen, der forteljetekst er det normale, har han
då gjerne i det lengste spara seg den ekstra omtanken som måtte fylgja
med å veksla frå forteljing til dir. tale og attende. Seinare, der replikkar
er det normale, sparar han seg på same vis å veksla frå dir. tale til ind.
tale og attende.
Dei andre måtane å gjeva uttrykk for sjelsinnhald på kjem i B heilt i
skuggen for hovudmiddelet, den direkte talen. A. Heusler har med rette
kalia B „die dialogsaga %ax’ lE,oyjr\v“ (dialogsoga par excellence).
Dette kjem fram alt i omfanget av dialogane. Etter I. Netter’s tabeli70
er det herre Borsteins s. stangarhpggs som har større prosenttal av dir.
tale enn B, 48 %, mot B (M-t) 47 %. Alle andre soger har mindre.
I. Netter har då ikkje teki med strofene. Det er sikkert serleg det at dei
er medrekna, som gjer at talet for M-t hjå W. Ludwig er 55 %71. Etter
mi eiga oppteljing vert talet for M-t 53,6 %, for K-t 54,2 %72. Når ein
tek strofene med, vert såleis B den i.-s. som etter måten har mest av dir.
™ Die dir. Rede s. 17-18.
71 W. Ludwig: Untersuchungen s. 42.
72 Mi utrekning grunna seg på teksta i ff. VII. Teksta er rekna i liner, med av-
runding til halve liner for kvar bladside. M-t er i ff. VII prenta med mindre prent
enn K-t. Dette er omrekna slik at 1 line K-t høver til 1 line M-t som 1:1,14.