Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 213
211
3610, 392, 414_5, 438, 4712, 438, 5112, 5512, 531-2, 584, 70i4; berre
i K: 1525, 1726, 2123, 2228-29, 243!, 2530, 2728, 4227, 4228, 4926-27,
5028, 5323, 5327, 5420, 5429, 5527-28, 5622, 5718-19, 5822, 6318,
6825-26, 6827, 6830, 7028.
Om ettersett t.utm. gjeld til dels det same som er sagt om den inn-
skotne. Ho vert nytta i „munnleg“ stilføring, men kan samstundes tena
reint litterært-stilistiske føremål. Når ein replikk med vanleg føresett
t.utm. vert etterfylgd av ein replikk med ettersett, kan vi få den same
intime tilknytinga mellom replikkane som når replikk nr. 2 har innskoten
t.utm. M-t har 31 og K-t 30 døme på ettersett t.utm. Tendensen til å
nytta dette stilsermerket er relativt sterkare i K-t. Dette heng saman med
tilviket i K-t til å nytta tautologisk t.utm. (jfr. nedanfor). I M-t er det
etter måten ofte spørsmål som får ettersett t.utm.: 1015, 3211, 3220-331,
33°, 392, 438, 4712, 5112, medan dette er sjeldnare i K-t: 2228-29, 4228.
Etter spørsmål i båe tekstene: 368>20-21, 5915,29. jr;t spørsmål vert
gjerne kraftigare og meir patetisk når t.utm. kjem etterpå (eller innskoten
etter replikkbyrjing). Bruket av ettersett t.utm. er såleis eit nytt vitnemål
om at stilen er meir livfull i M-t enn i K-t.
Tautologisk t.utm. kan koma fram ved at fleire av dei tre ut-
merkingsmåtane som er omtala ovanfor, vert nytta ved same replikk. I
sers lange replikkar kan dette utan tvil for ein del tena til å minna
lesaren (åhøyraren) om kven det er som talar. Men slike oppattak kan
og ha ein serskild stilistisk funksjon. I moderne språk er dei eit sermerke
for skvaldrut kvardragsprating. Det kan vanskeleg vera tvil om at folk
på Island i tidlegare tid har kjent dette på same måten. I vanleg sogestil
finn ein slike oppattak heller sjeldan. Også M-t, som elles kan etterlikna
livleg tale på ymse fine og underfundige måtar, viser forstandig måtehald
med dette plebeiiske stildraget. I røynda finst det der berre fåe gonger
som klar tautologi. I døma 76>7, 1411—151, 303>4 er det nytta ved fyrste
replikken i ein viktig samtale og har forma føresett t.utm. + innskoten
t.utm. Ved dette tautologiske innskotet får stilen ein lett dåm av kol-
lokvial intimitet utan å verta støytande vulgær. Midt i det livfulle og munn-
rappe er der alltid noko kultivert over ordlegginga i M-t. I dømet 20 5> 9
har vi og føresett + innskoten t.utm., og 6513.17 to innskot i same re-
plikk. I båe desse høva ligg det vel nærast for hånd å tala om tautologi.
Men ein kan merka seg at den seinare t.utm. båe stader er knytt til inn-
føring av noko nytt i samtalen. Også her tykkjest „tautologien" vera eit
medviti stilmiddel.
14*