Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 214
212
På tre andre stader i M-t, der vi har innskot av oppattekne t.utm., 595,
6013, 615_6, står saka litt annleis. Talen som Of. held i kap. 10, er i
røynda ei rad talar, ein til kvar av hovdingane, og desse oppattaka set
skil ved overgangen til ein ny hovding. Oppattaka har såleis her ei serleg
oppgåve i samband med komposisjonen, og dette gjer dei ulike dei kollo-
kviale tautologiane vi har sett døme på ovanfor.
Innskota 455-6 og 537 er heller ikkje fylgje av slurvut pratemaner,
men er innsette med velutrekna retorisk effekt. Når stilen på desse stadene
likevel kjennest så munnleg, kjem det ikkje så mykje av tautologien som
av at fleire andre stilmiddel med munnleg verknad er stuva saman her,
avbrytande utrop og pers. pron. + personnamn.
For seg står taleutmerkingane segir Ofeigr 338’9. Dei har båe gonger
same form, medan ein kunne venta hann til subjekt andre gongen, etter di
fråstandet er så stutt (jfr. t. d. 76’7, 1411—151, 303’4). Det er mest likt
til at vi her har eit uforvarande avskrivaroppattak.
K-t skil seg ut frå M-t i bruket av tautologisk t.utm. både når det gjeld
mengd og form. K-t har ikkje herre ei rad døme på føresett + innskoten
t.utm.: 722,23 (- M), 1522 (= M), 4229,30, 673° og 6849, med to
innskot 2023>24-25,28, men 0g døme på innskoten + ettersett t.utm.:
4923,26-27, 0g Serleg ei rad døme på føresett + ettersett t.utm.: 1524>25,
1723,26, 5322,23, 5326-27, 5327 og 5425, 5425,29, 5533 og 5622,
5718-19, 7026, 28. Føresett + ettersett t.utm. er ein type som ikkje finst
i M-t. I K-t kan han vera nytta ved sers lange replikkar, som 5327 og
5425, 5425,29 ye(j oppattak i samband med lange replikkar nyttar M-t
innskot.
Døma på tautologisk t.utm. i K-t er så mange og står sume stader så
tett at dei ikkje kan lata vera å setja tydeleg svip på stilen. Dei to fyrste
døma på føresett + innskoten t.utm. feil saman med tilsvarande døme
i M-t. Her kunne ein venta at den stilistiske verknaden skulle vera den
same. Det er han vel og i det fyrste dømet. Men alt i andre dømet vert
verknaden noko brigda i og med at også neste periode her har tautologisk
t.utm. i K-t. Døma på innskot 202 4-2 5, 2 8 har Utt av same verknaden som
i 723 0g 1522 for så vidt som dei står ved byrjinga til noko nytt, ein
overgang i talen. Men elles tykkjest alle desse tautologiane i K-t vera av
det banale prateslaget, og dreg heile stilen ned på eit lågare plan. Ein
kunne tenkja at dette var noko som utf. av K-g har gjort reint uviljande
og av slurveskap. Men om det kan fylgja mange tautologiar med slurvut
prating, så vil ikkje det seia at slurvut skriving skulle føra til det same.