Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 215
213
Ein slurvut skrivar skreiv heller mindre, ikkje meir, enn det han var
nøydd til. Dessutan peikar mengda av døme i den lei at vi her har å gjera
med eit medviti gjennomført stilfenomen. At tautologiske t.utm. kan ha
stor verknad når det gjeld å få fram ein kvardagsnær og gemyttleg stil-
tone, måtte vera etter måten lett å leggja merke til. Utf. av K-g har fest
seg ved den munnlege dåmen over stilen til førelaget, og har så freista å
auka denne stilverknaden i avskrifta ved eit endå sterkare bruk av tauto-
logiske t.utm.
Vi har no sett at plaseringa av innskoten og ettersett t.utm. er sers fri,
utan faste regiar korkje ut frå logiske krav eller tradisjon. Dette frie
bruket er innanfor sogelitteraturen eit stildrag som tilhøyrer den meir
framskridne realismen med hans etterherming av naturleg tale, men er
samstundes ein reiskap for det reint estetiske strevet etter rytmisk varia-
sjon og logisk samanknyting. Trass i at sambandet mellom innhaldet i
sogeforteljinga og denne litterære innrammingsteknikken er så laust og
vilkårleg, ser vi av dømelistene at der er ei rad samanfall mellom dei to
tekstene både når det gjeld innskoten og ettersett t.utm. Til og med ein
så innfløkt stilfigur som føresett + innskoten t.utm. finst to gonger i
heilt samsvarande form i båe tekstene.
Innføring av dir. tale gjennom eit mellomsteg av ind. tale eller fortald
tale har vi, som ovanfor vist, relativt lite av i B. Det som finst, står serleg
i den fremre, episke, delen av soga. Desse døma finst i båe tekstene:
214,29-30) 114-5,20, 1212-13,26-27, ig5,26-27> 219“1° Og 2132-2222,
26io,26-28> m dessutan: 364-5, 7015-16. Dette stilsermerket har ei serleg
interesse for oss ved det påfallande store samsvaret mellom dei to tekstene.
Rett nok fylgjest tekstene i det heile nøgnast i den fremre delen av soga.
Men jamvel om innhaldet til samtalane var det same i to munnlege att-
gjevingar av soga, skulle ein tru at det måtte vera noko heilt underordna
og tilfelleleg om replikkane vart attgjevne i direkte eller indirekte form.
Samsvaret i ytre form her kan vanskeleg forklårast på annan måte enn at
båe tekstene går attende på eit sams litterært opphav.