Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 216
214
Til slutt skal vi sjå litt på dei tilfella der dir. tale vert innførd heilt
utan serleg t.utm. Dette er noko som kjem føre sporadisk i sogene. Ofte
kan det vel berre vera fylgje av tilfelleleg oversprang hjå ein avskrivar.
Men I. Netter har meint at det og, i det minste delvis, kan vera visse
regiar for kva tid det kan skje81. Etter Netter er om lag % av dei ca. 70
døma i Njal. på at t.utm. vantar, anten spørsmål eller svar på spørsmål.
Desse er oftast lette å skilja ut or samanhengen utan forklårande t.utm.
Slik kan det og vera etter eit parentetisk innskot i den direkte talen. I det
heile må ein rekna med at der samanhengen er eintydig og klar utan hjelp
av t.utm., kan t.utm. i mange høve ha vanta frå opphavet av. Men då
sers mange av replikkane i sogene lyt vera spørsmål eller svar på spørs-
mål, må og ein stor del av dei replikkane som vantar t.utm. heilt til-
felleleg, falla inn under desse replikktypane. Dette gjev regelen til Netter
sterkt avgrensa verdi, noko ho og sjølv er merksam på. E. Dl. Sveinsson
trur til og med at alle utelatingar av t.utm. i M-teksta av Njal. er til-
fellelege82.
Kor vanskeleg det er å set ja opp regiar her, ser ein elles hest ved j am-
føring mellom dei to tekstene våre av B. I M-t vantar t.utm. ved desse
replikkane: 225 svå - ok, 328~9 hvat-----nu, 396-7 [>at-----hafir, 416-10
på-----peim at, 4215"16 byr----Borg, 473-5 petta-----sæmdarhlutr, 642~3
svikinn----mik, i K-t: 1032 ekki------vid, 3026*28 sekr-----per, 3624"26
pat----frændr, 4123-24 ek------vid, 4719'24 ok hér------munti, 5028 eru
— giptar, 552 9 Egil---kjosa. Desse døma viser at det også i B oftare er
spørsmål eller svar på spørsmål som vantar t.utm., og det i båe gjerdene.
Der same replikken finst i noko nær tilsvarande form i båe tekstene, finn
vi (med eitt unnatak, jfr. nedanfor) at t.utm. vantar berre i den eine av
tekstene. Dette gjer det umogeleg å avgjera om nokor av desse utelatingane
er opphavleg. Ein replikk utan t.utm. som sluttar seg til eit parentetisk
innskot, har vi på tilsvarande stad i båe tekstene 473-5 og 4719-24. Her
har vi då noko opphavleg, og samstundes noko som høver med Netter’s
regel. Innskotet er likevel sogemannens ord - ikkje eit svar i ind. tale,
som Netter talar om.
1,1 Die dir. Rede s. 30-31.
81 !f. XII s. CLVI.