Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 218
216
han skal verta ståande aleine som svikar mot dei hine hovdingane. Denne
siste hindringa ryd Of. til sides ved å lova at han skal skaffa ein utbrytar
til frå hovdingflokken.
Likskapen mellom slike skjematiserte tekstdelar kan ofte vera like stor
i folkeleg tradisjon, eventyr og folkeviser, til dels endå større. Men der
piar skjemaet aldri vera så detaljert som her i B. Ein del av same skjemaet
er og nytta i samtalen mellom Of. og domarane. Her er rett nok inn-
leiinga annleis. Men vi møter att same taktikken med fyrst å gjera mot-
parten usikker på seg sjølv, deretter å fremhevja den seri ege godhugen for
den Of. talar til, i samband med pengegåva. Også her endar Of. med å
verta den rauste bergingsmannen og får sitt fram. Jamvel samtalen mellom
Of. og O. i kap. 5 har viktige likskapar med dei hine samtalane: fyrst ei
form for innsmeiking (men her gjennomført ironisk), deretter avdekking
av veikskapen til motparten, og til slutt Of.s rolle som bergingsmannen.
Pengegåva er og med, men med Of. som mottakar.
Denne fyrste store samtalen mellom Of. og O. har samstundes viktige
drag sams med samtalane mellom dei to i kap. 7. Båe stader er O. kaut
til å byrja med og vil greia seg på eiga hånd. Men han mjuknar etter
kvart som Of. viser han kor lite han forstår seg på sakene; og det endar
med at O. lyt vedgå si eiga vanmakt og overlata leiinga til Of. Båe stader
sluttar samtalen med at Of. bed om og får pengar hjå O. (Sjølve penge-
overlatinga utfallen i fyrste samtalen i K.)
Teknikken med å sauma dialog etter dialog over same lesten er om
mogeleg endå meir synberr i den seinare delen av soga, i kap. 10. Dette
kapitelet feil i to analogt konstruerte hovuddelar, fyrst ein del der Of.
talar til kvar einskild av sambandsfelagane, dinest ein del der Eg. gjer
det same. Dei einskilde bolkane i talen til Of. er sterkt skjematiserte også
i forma, slik eg har vist tidlegare (s. 141, 185). Kvar tiltale byrjar vanleg
med noko positivt som vekkjer voner, men endar med å knusa vonene på
ein krenkjande måte. Samtalane mellom Eg. og hovdingane byrjar alle
med eit harmfullt åtak frå ein av dei vonbrotne sambandsfelagane og
endar alle med at han kapitulerer for Eg.s skarpe tunge.
Minst av skjematisering er det i samtalane i den fremre delen av soga.
Men jamvel der er det tydeleg parallellitet i dei to samtalane mellom O.
og Osp. i kap. 3, der Osp. i fyrste samtalen får hånd om gardsstyringa og
i den andre om godordet. Båe stader er O. den som byrjar samtalen og
går på, medan Osp. hyklande dreg seg unna, inntil båe får viljen sin.
Eit sermerkt drag ved dialogane i M-t i motsetnad til K-t er dei strofene