Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 220
218
3114, mun eigi gott at eiga sina sæmd undir Udi flestra 391-2. Alle desse
fyndorda finst berre i M-t. K-t har derimot er pat helzt vid ordi manna,
at gylfrum gangi vinåttan 202G-27, som vel er innsett av utf. av K-g
(jfr. s. 40). Ein kan leggja merke til at ingen av desse gnomiske ordlaga,
bortsett frå f>or.s tilsvar, finst i dei komiske senna-lutene av soga. Ein
kunne elles ha venta at vi nett der skulle finna serskilt mykje av dette
slaget. Of.s og Eg.s utskjelling av sambandsfelagane i kap. 10 er just ut-
rekna på at kvar i ser skal få „passet sitt påskrivi“ for all ettertid. Og
strofene står der som ubrigdelege minnesmerke. Likevel står det for meg
som at ein ikkje kan karakterisera nokon av replikkane i B som typisk
„monumentale". Dette heng sikkert delvis saman med at vi i B ikkje har
mykje av slike isolerte dramatiske situasjonar som kan tena til å fram-
hevja replikken og gjeva han serleg stort perspektiv. Men noko kjem det
vel og av sjølve den stilistiske rikdomen til denne soga. Ikkje den skarpt
tilhogne einskildreplikken, men fyrverkeriet av ordhegd, den overvaldande
masseverknaden av slagferdige åtak og tilsvar, er styrken til denne soga,
serleg i senna-bolkane. Her tek det eine ordet det andre utan stans. Situa-
sjonen er full av spaning og opposte kjensler, replikkane tilsvarande
fyndige og kvasse - eit nytt vitnemål om kor dugleg denne sogemannen er
til å gjeva innhaldet ein adekvat stilbunad. Liksom dialogane som heil-
skapar, slik er og dei einskilde replikkane uttrykk for høg dramatisk
kunst, ikkje berre ein imitasjon av det „naturlege".
I dei dramatiske sentralpartia av soga har vi forutan munnrappe og
kvassordige ordskifte også etter måten lange stykke der berre ein per-
son fører ordet, slik at vi faktisk får eit slag talar. Dette gjeld mest sume
av replikkane til Of. og Eg. Her finn vi ei ordhegd som byggjer på gjen-
nomførd dialektikk. Her finn vi og bruk av heller innfløkte tankeopera-
sjonar og syllogistiske konstruksjonar, som dei deduksjonane Of. gjer ut
frå domareiden i kap. 6, eller Eg.s „logiske" påvising av at Styrm. har
utpeika seg sjølv som ein kjeltring, i kap. 10, for ikkje å tala om det rekne-
stykket som er Of.s trumf i samtalane med Eg. og Gell. i kap. 8 og 9.
Intellektuelle kunststykke av dette abstrakte slaget er vel ikkje utenkje-
lege som folkeleg tradisjon, liksom ein ofte kan finne slikt i kvardags-
livet87. Men som litteraturfenomen let det seg lettare skjøna om ein set
det i samband med lærd tradisjon og opplæring i klassisk retorikk.
81 Innanfor eventyr- og segnlitteraturen er det visst likevel vanskeleg å påvisa
ein så innfløkt tankegang nokon stad.