Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 221
219
Til denne lærde retoriske tradisjonen høyrer og bruket av „retoriske
spørsmål“. Nett av di eit slikt spørsmål ikkje krev svar, høver det
serskilt godt i talar der berre ein fører ordet. Slik har det vori brukt
av talarar like frå antikken til våre dagar. (I kvardagslivet vert og tidt
nytta spørsmål som ikkje krev svar, serleg i samband med affekt: „Skulle
ein ha sett slikt?“, „Har du høyrt på maken?“, eller ironisk: „Var det
likt seg?“ Men desse kvardagsspørsmåla piar ofte vera ståande vendingar.)
Gjennom retoriske spørsmål vert talen på ein gong meir variert og meir
stemningsboren. Spørsmålet kan og verka som ein direkte appell til åhøyr-
aren. Det er som talaren rykkjer han nærare inn på livet og tvingar han
til å taka personleg stilling til saka. Same psykologiske verknaden kan
spørsmålet ha der talaren svarar på det, når svaret er sjølvgjevi både
for den som spør og den som svarar. Dette har vi døme på i M-t kap. 6,
der Of. formeleg bombarderer domarane med slike spørsmål: er villt upp
borit um sgkina å hendr Ospaki? Drap hann eigi Våla saklausan? Nam
pat vid, at eigi vær i malit bryntf 3217~19. Of. veit like godt som domar-
ane kva svaret til verta. Ein kan likevel tolka denne staden slik at Of. ber
seg åt som om han ikkje veit svaret. I så fali vert dette røynlege spørsmål.
Tvillaust retorisk karakter har derimot spørsmåla etterpå, der Of. ap-
pellerer til ålmenn rettferdskjensle og sunn sans: synisk ydr pat med
ngkkurum réttendum, at gefa gaum at sltku, er einskis er vert, en dæma
eigi inn versta mann sekjan, pjof ok manndråpsmann? Er pat eigi abyrgdar
hlutr mikill, at dæma pann syknan, er draps er verdr, ok dæma svå t moti
réttendum? 332-6. Jfr. og spørsmålet 3313—342, som er lekk i eit syllog-
istisk resonnement etter beste antikke oppskrift. I K-t finn vi tilsvarande
spørsmål, men mindre retorisk utpensla. K-t har dessutan ei liknande
retorisk spørsmålsstelling i samtalen mellom O. og Of. i kap. 5: drap hann
eigi fdstbrddur pinn, Våla, ok stal fyrst fra pér 3027-28 (jfr. s. 53).
Retorisk forma er og Of.s spørsmål i M-t kap. 8: eda var ydr ngkkur van
å pvi, at Oddr, sonr minn, mundi sitja kyrr fyrir geisan ydvarri, er per
ridid nordr pangat? 453-5, jfr. 4518-20. Endå dette spørsmålet vert retta
til Eg., ventar Of. ikkje på å få svar, men held fram i same andedrag
med nye opplysningar som skal visa kor fåfengd den tankén er som vert
formulert i spørsmålet. I M vert desse opplysningane innleidde med eit
sterkt retorisk utrop: nei. Noko tilsvarande finn vi i M-t i samtalen med
Gell. i kap. 9, berre at nei her fylgjer etter ei utsegn, ikkje eit spørsmål:
eigi var ydr pess van etc. 535. Paralleliteten er så stor at ein kan spørja
seg om ikkje spørsmålsforma også her er den opphavlege, at eigi altså er