Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 222
220
innkomi for eit eSa. P. d. a. s. er det og mogeleg at skilnaden er uttrykk
for strev etter variasjon.
b. Innslag av munnleg stil
Det har frå gamalt vori framhaldi kor munnleg språket og stilen i i.-s.
er. Og ser ein på hovudskilnaden mellom „lærd stil“ og „folkeleg stil“,
lyt ein vedgå at den folkelege stilen ligg kvardagstalen mykje nærare. Men
derifrå er det eit langt sprang til å slutta at „folkeleg" stil er identisk
med „munnleg" stil. Eg har ovanfor freista å visa kor sterkt litterær
tradisjon går att i den „folkelege" stilen i B. Dette hindrar ikkje at stilen
til B har ymse synberre drag som serleg finst i kvardragsmålet, allvisst
i nyare tid, og som har lett for å framkalla illusjon om at dialogen i B
har svara til levande tale. Stilen i B sameiner høgt driven litterær teknikk
med kvardagstalens impulsivitet og friskleik. Like visst som denne stilen
på mange måtar er klårare merkt av litterær tradisjon enn elles vanleg i
i.-s., står han på andre måtar i eit meir intimt tilhøve til munnleg målbruk.
Det har tidlegare vori framhevja av fleire som noko sermerkt for dir.
tale i i.-s. at han serleg vert teken i bruk der noko som er viktig i saman-
hengen, skal framstellast88. Dette høver og på B, men med visse modifika-
sjonar. Ein torer vel seia at replikkane i i.-s. ålment piar ha ei klår av-
grensing til det saklege. Det vert praktisert ei viss økonomisering. Replik-
kane piar halda seg til slikt som har tydeleg samanheng med hendings-
mekanismen og personskildringa. Om sogepersonar gjeld Håvamåls ord:
nusli parft eda pegi. Serleg klårt er dette i dei tragiske sogene, der dei
einskilde replikkane til heltane kvar for seg feli med lagnadstung kraft.
Dersom ein person er margmåll, tyder det gjerne at han er eit litilmenni.
Men jamvel der utsegner av slike litilmenni vert refererte, piar dei vera
nær knytte til hendingsgangen. Såleis er det t. d. i Qlkofra Jj.; der hovud-
personen vert skildra som sers ordrik, men i forteljinga berre seier slikt
som er viktig for samanhengen. Heilt annleis er ofte røynleg kvardagstale.
Det som sermerkjer den mest, i motsetnad til vanlege sogedialogar, er vel
det ukonsise og konturlause. Her er ei mengd ord og vendingar som ikkje
er strengt naudsynlege til å få fram den logiske inneburden av talen. Her
er oppattak og tome talemåtar, og sist, men ikkje minst, mange avbrot og
tilfellelege innskot, alt dette som sermerkjer det vi kallar „prating". Men
M. Jeffrey: The Discourse s. 26; W. Ludwig: Untersuchungen s. 70, 80-81.