Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 228
226
tone i replikkane langt på veg utviska. Det viser og bruket av denne kon-
struksjonen. K-t har, trass i det at omfanget er mindre, ikkje berre dob-
belt så mange døme i innskoten taleutmerking, men og fleire døme som
er innfletta i den vanlege forteljinga. Døme i innskoten taleutmerking:
segir hann Styrmir 2728, segir hann Ofeigr 4628, kvad hann Ofeigr 4923,
5117, segir hann Gellir 5227, 6231, kvad hann Gellir 5029~30, 6321. I
den delen av replikken som står framføre taleutmerkinga, finn vi også
her oftast interjeksjonane ja eller nei. Men eit par gonger, 5029-30 og
6231, har vi ei replikkinnleiing som ikkje i og for seg treng ha same munn-
lege dåmen som dei innleiande interjeksjonane. Det same gjeld replikken
framføre det ettersette segir hann Styrmir 3620-21. Utan samband med
taleutmerking har K-t desse døma: at honum Os pak i 1628, var hann Egill
4032, latr hann Ofeigr 4623, at honum Hermundi 7224"25.
Berre to gonger, 455-6 og 4628, 5110-11 og 5227, finn vi denne kon-
struksjonen i så vidt tilsvarande samanheng i båe gjerder at vi tykkjest
ha grunn til å rekna med sams opphav. Så sjeldsynt som konstruksjonen i
det heile er, får desse stadene serskild interesse for spørsmålet om det opp-
havlege sambandet mellom gjerdene. Ser ein vidare på kor konsekvent
avgrensa bruket av dette stilmerket er i M-t, og kor ulikt åtfari det er
med det i K-t, kan ein vanskeleg fri seg frå den slutninga at utf. av K-g
her har gått sjølvstendig til verks. Under drøftinga av tautologisk tale-
utmerking og interjeksjonsbruket såg vi korleis han nyttar serskilt mykje
av relativt grove og iaugnefallande middel til å få fram „munnleg“ stil-
tone. Det same ser vi her. Utf. av K-g har lika den humoristisk-kollokviale
dåmen som ligg over denne konstruksjonen, og har så utvida bruket
kritikklaust, utan å ansa at han dermed braut ned noko av den opphavlege
kunstverknaden.
Konstruksjonen av pers. pron. nærast framføre namn (eller appellativ
brukt som namn) har utan tvil opphavet sitt i eit apposisjonstilhøve. Ein
kan ikkje sjå bort frå at også sume av dei døma frå dei to tekstene våre
som er påpeika her ovanfor, opphavleg kan ha vori meinte som apposisjons-
konstruksjonar. Det kan ein i vår tid få fram ved å setja komma føre og
etter namnet. Det personlege pronomenet framføre namnet står då ikkje
proklitisk og er gjerne skilt frå namnet ved ein stutt pause. Men desse
tilfella let seg ikkje skil ja ut med visse i ei handskrifttekst. Derimot er
apposisjonen klår i dei høve der det personlege pronomenet og namnet
(eller eit anna namnord med tilsvarande funksjon) er skiide ved mellom-
ståande ord. Eit døme på dette sams for båe gjerder har vi i hleypr hann