Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 229
227
upp, Bjålfi (Qlvir) 739_10> 24_25. K-t har dessutan tekr hann til or 3a,
Styrmir 3615~16, hann vill snua inn, Egill 4121, rennir hann augutn til,
Egill 4624-25, finnr hann pat, Ofeigr 4625, mælti hann på, Ofeigr 4626,
hann kom til hests sins, prestrinn 7129.
Denne konstruksjonen er, som ein ser, endå sjeldnare i soga vår enn
pers. pron. nærast framføre namn. At det einaste dømet vi har i M-t, også
går att i K-t, lyt då få serskilt stor vekt. Konstruksjonen er velkjend frå
moderne kvardagstale og har sikkert hatt ein tilsvarande stildåm i eldre
tid94. At då dette stilmerket med er så mykje oftare nytta i K-t enn i M-t,
er ikkje anna enn ein måtte venta.
Trass i den munnlege stildåmen har korkje M-t eller K-t noko døme
på det familiære bruket av eigedomspronomen i replikkar som er så vel-
kjent frå nyare islandsk folkeleg stil, og som vi har døme på i Qlkofra }).:
- vårkunn er pat, Skapti minn, at pu hafir mer svå reidzk —95.
UTFYLLANDE MERKNADER OM
KOMPOSISJONEN
DEN ÅLMENNE I NN HALDS STRUKTUREN
I konstruksjon skil B seg ikkje så lite frå dei ordinære i.-s. gjennom
det at ho i røynda er samansett av to ulike litteraturtypar. P. d. e. s. har
vi ei forteljing med alle hovudeigenskapane til ei vanleg i.-s. Den typiske
i.-s. er sermerkt ved ein kontinuerleg straum av hendingar utan lengre
opphald eller avbrot. Karakterane nækjer seg like mykje gjennom hand-
lingar som gjennom ord. Sansen for komikk kjem oftare til synes i små-
blenkar. Men det tragiske har overvekt. Den psykologiske skildringa kan
vera fåmælt og fleirbotna. Det er jamt rekna med duide makter både i og
omkring menneska. Alt er velkjent og gjennomskodleg i den Ijose kvar-
dagen. Men ute i periferien ligg mystikken på lur, i fjellheimen og natte-
mørkret. — I B er denne sogekontinuiteten gong etter gong broten ved
innslag frå ein annan litteraturtype, som av A. Heusler har fått namnet
„situationsdichtung"96, og som vi finn i fråsegnene om hendingane på
04 Jfr. S. B. F. Jansson: Sagorna om Vinland I 149-150.
“ !f. XX 88. - Om slikt familiært bruk av eigedomspron. jfr. N. Svanberg: Svensk
stilistik s. 78-79.
86 Heusler definerer omgrepet slik: „Eine gruppe fur sich bilden weiterhin:
15*