Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 231
229
rettes. Dette litt skissevorne i fremre delen av B er heller ikkje noko ser-
syn, men sers vanleg både i andre i.-s. og i folkeeventyr. Ein kan nok seia
at denne ålmenne framstellinga i B tek etter måten stort rom. Men noko
minus for soga som kunstverk kan ikkje eg sjå i dette, serleg då denne
ålmenne skildringa gong etter gong vert broten av velteikna konkrete
situasjonar. Scenar som samtalane mellom O. og Osp. i kap. 3, då Osp.
får gardsstyringa og godordet, eller samtalen mellom Våli og Osp. i kap. 4
er sers fint utpensla og originale kunstverk, jamvel om kunsten her ikkje
ter seg så tydeleg i den ytre forma som i dialogane seinare i soga.
Kap. 12, med fråsegna om korleis Herm. og Osp. endar levedagane
sine, skil seg nokså sterkt ut frå soga elles i toneart og stemning. Før har
vi ferdast i tindrande klårt dagsljos. Her kjem vi brått inn i ei verd full av
mystikk og nattskuggar. Mystikken i dette kapitelet er likevel ikkje noko
laust påklistra, men heng nøye saman med visse delar av innhaldet i soga
lengre framme, anten vi tenkjer på Herm. eller Osp. I i.-s. ser vi nok av
døme på at personar kverv utan kommentar. Men når det gjeld hovud-
personar, får vi gjerne vita „korleis det gjekk dei“. I vårt tilfelle har
dette dessutan ein serskild kunstnarleg funksjon: Etter fråsegna om den
strålande lukka til dei gode heltane kjem fråsegna om den uhuglege
lagnaden til dei verste skurkane. Slik piar det og jamt vera i eventyra.
Men soga målar ikkje så einsidig svart og kvitt at all forståing og med-
kjensle tagnar. Vi gled oss ikkje slik over lagnaden til skurkane at vi
vert heilt kjenslelause for gufsen av menneskeleg tragedie.
Attåt denne hovudskiljinga mellom „situationsdichtung“ og ordinær
saga, med ei serstilling for kap. 12, let soga seg løysa opp i ei rad situa-
sjons- og samtalegrupper. Desse gruppene er skipa etter ein klår kunst-
narleg plan. Dei minner om bårer som kjem rullande den eine etter den
andre høgre og høgre, og til slutt toppar seg i den store senna mellom Eg.
og dei hine sambandsfelagane i kap. 10. Vi har her eit dramatisk klimaks.
Deretter fylgjer eit like tydeleg antiklimaks, med bårer som vert mindre
og mindre, fyrst forsoninga mellom far og son og bryllaupet, deretter
Herm.s mislukka hemnaksjon og død, og til slutt nokre meir banale små-
uverk av Osp. før han døyr. Jfr. den episke „kvileloven"98.
Den kunstnarlege einskapen innan soga viser seg og i strukturen til dei
einskilde „handlingsbårene“. Dette har til dels vori påpeika tidlegare,
serleg når det gjeld samtalane, men kan og visast meir ålment. Store delar
Om „handlingsbårer“ i Njål. jfr. E. 61. Sveinsson i If. XII s. cxxvn-cxxvm.