Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 232
230
av soga er konstruerte som sett av parallelle handlingslekkar, som alle har
same funksjon i sogeoppbygginga. I skildringa av Of.s framgang til rikdom
er såleis sju analoge steg: 1) fiske fyrste vinteren, 2) fiske dei tre fyrste
åra, 3) sigling med part i ferje, 4) sigling med ferje som han eig aleine,
5) sigling med part i skip, 6) sigling med skip han eig aleine, 7) sigling
med to skip. Denne skildringa av framgangen til O. når det gjeld sjødrift
og handel, har ein pendant i skildringa av framgangen hans som gards-
eigar i kap. 2. Fråsegna om korleis Osp. vinn fram til makt, har fem ana-
loge steg: 1) Osp. er hjå O. ein vinter, 2) (5sp. vert fast hjå O., 3) Osp.
får hånd om storparten av gardsdrifta, 4) Osp. får heile gardsstyringa,
5) Osp. får godordet. Då Of. kjem til domstolen, i kap. 6, fører han to
samtalar, ein med folk utanfor domringen og ein med domarane. Byrjinga
til den siste er heilt parallell med den fyrste, også i forma (slik vi ser det
i M-t). Samtalane mellom Of. og O. i kap. 5 og 7 inneheld ei rad paral-
lellar. Det same gjeld samtalane mellom Of. og Eg. i kap. 8 og Of. og
Gell. i kap. 9. Endeleg har vi kap. 10, som i hovudsak er ei rad parallelle
småtalar til einskilde av sambandsfelagane, fyrst av Of., deretter av Eg.
(Om desse samtalane jfr. ovanfor s. 215 f.) Til og med i kap. 12 er der ein
viss parallellitet mellom dei tre hemnaksjonane til Osp. Vi ser korleis den
same symmetrisk ordnande kunstnarhanda er til stades og formar kunst-
verket alle stader, ikkje herre i dei stilistiske detaljane, men og i den
grovare innhaldsstrukturen.
SAMANKNYTING AV I NN HALDS DELANE
Dei ymse delane av sogeinnhaldet er knytte saman på ei mengd meir
eller mindre kunstferdige måtar. Sambindingsmidla kan skiftast i to hovud-
grupper, p. d. e. s. dei som ligg i det logiske innhaldet, p. d. a. s. dei som
ligg i den ytre bunaden. Innanfor den fyrste gruppa kan ein atter skilja
mellom den objektive samanhengen i sjølve hendingslaupet og psykologisk
samanknyting gjennom den sjelelege verknaden på lesarar eller åhøyrarar.
Denne verknaden kan til dels vera framkalla ved lite synberre kunstgrep.
Dei bindemidla som ligg i språk og stil, er heller ikkje alltid så lette å få
auga på utan at ein studerer teksta i detalj. Dei kan verka reint umedviti
til å framkalla kjensle av indre einskap og harmoni.
Årsakssambandet mellom hendingsdetaljane er i B oftast tydeleg
og overtydande. Uvenskapen mellom far og son fører til at O. svingar
seg opp ute i verda, men dreg og etter seg at O. overlet makta si til Osp.