Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 233
231
og at O. er utan kunnige rådgjevarar då han reiser søksmålet mot Osp.
Tilhøvet mellom O. og Osp. vert årsak til Valis død og ettermålssaka.
Ettermålssaka gjev hovdingane høve til å blanda seg inn og seinare påskot
til å reisa sak mot O. Men ettermålssaka gjev og Of. høve til å berga O.
frå åtaka frå hovdingane og skaffa han eit fornemt gifte. Dette fører så
til den fulle forsoninga mellom son og far. Mindre synbert er årsakssam-
bandet mellom sumt av det som er fortalt i kap. 12, og soga elles. Men
hemnfreistnaden til Herm. står der i klår samanheng med den gamle
uvenskapen mellom han og Eg. og ordstriden deira på tinget. Hemnak-
sjonane til (3sp. er heller ikkje tilfellelege. Han hemner seg tre gonger.
Og det går ut over dei tre personane som han måtte ha størst grunn til å
harmast på: Bergjrorr, som offentleg hadde hjelpt O. mest til å få Osp.
dømd, Mår, som hadde teki kona og garden hans, og endeleg hovud-
fienden O. — Den logiske samanhengen i soga er likevel ikkje alltid lytelaus.
G. Jonsson har peika på sjølvmotseiinga i biletet av O., som han trur kjem
av samanstøyping av fleire slag tilfang99. Både når det gjeld O., Of. og
Osp., er indre motsetnader i biletet påviste tidlegare, i drøftinga av person-
skildringa. Unaturleg er det når Of. i byrjinga av samtalen i kap. 8 spør
Eg. om han, den velkjende storhovdingen, er bonde og bur på Borg.
Umotivert tilbyd Herm. (i M-t) at Of. kan få velja kven han vil av
sambandsfelagane til skilsdomarar (5714'15). Umotivert vert det gjengi
frå lovberget og opp på vollane i kap. 10. I tillegg til desse døma på
ufullnøyande psykologisk samanheng finst det og stader der handlinga er
urimeleg på onnor vis. Det er såleis eit merkeleg slumpehøve at O. i
kap. 4 forsøv seg så ille nett den dagen då han skal rida til tings for å
overtaka godordet. Her er det dessutan uforklåra kvifor han ikkje kan
få att godordet for det om han kjem seint (jfr. s. 257). Utan nærare
forklåring ser vi at Våli har dregi heiman og fylgjer O., og at den eine
av knarrane til O. kverv or soga (jfr. s. 247-248). Sjå og s. 61-62 og 96.
Desse døma på sjølvmotseiingar, slumpehøve og umotiverte saman-
hengar er likevel for lite å rekna jamført med den nesten matematiske
konsekvensen som elles knyter hendingslekkane saman. I nøye samband
med den står og det hovuddraget i komposisjonsteknikken at omslag i til-
stand og handlemåtar jamt utviklar seg gradvis og liksom etter ein
plan. Dette har vi sett tidlegare når det galdt O.s oppsving til rikdom og
makt, tilhøvet mellom O. og Osp., Svala og Osp., karakterutviklinga til
99
ff. VII S. LXXXVI.