Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 235
233
å gå krøkt, rettar han ryggen og syner seg slik han er. For det andre er
i B den ytre tilskuven sløyfa. Omskapinga av utsjånaden veks her naturleg
og konsekvent fram innanfrå. <5f.s sjelelege reaksjon på hendingslaupet,
suksessen, er drivkrafta i omformingsprosessen. Dette er eit av døma på
korleis sogemannen i B kan gjeva avkall på tradisjonelle soge-kunstgrep
(her ,,bryninga“) og i staden får fram same effekten ved hjelp av ein
meir „usynleg“ komposisjonsteknikk.
Den planfaste styringa av detaljframvoksteren fram mot eit høgde-
punkt gjeld ikkje herre handlingsinnhaldet, men og den emosjonelle verk-
naden av det fortalde. Gong etter gong ser vi korleis sogemannen syste-
matisk byggjer opp ei stendig aukande kj enslespaning. Denne
verknaden har fleire av dei døma på responsjon som er påpeika tidlegare,
såleis oppattaka av margtalat og potti petta undarligt (s. 188-190). Men
serleg klårt kjem dette fram i sume avgrensa situasjonar, der den opp-
arbeidde spaninga liksom utløyser seg i ein eksplosjon til slutt. Slik då
Våli nærmar seg SvplustaSir, går inn og vert nedhoggen (jfr. s. 44), då
O. møter ein gamal mann i budarsundit (jfr. s. 51—52) og då ein mann
går inn på SvplustaSir i kap. 12 (jfr. s. 106). Di lengre skildringa skrid
fram, di sikrare vert vi på kven det er. Når omsider overfallet kjem eller
namnet vert sagt, har vi alt gjort frå oss reknestykket. Vi får herre liksom
ei tilfredsstellande stadfesting frå fasit-boka, og spaninga legg seg.
Strevet etter å framkalla kjenslespaning er i det heile ei hovudside ved
den samanknytinga av soga som ikkje ligg i hendingane sjølve, men i
verknaden på den som les. Når t. d. 6f. får ein diger pengepung, vert vi
forvitne etter å få greie på kva desse pengane skal brukast til. Forutan
denne banale og rasjonelle forma for psykologisk samanknyting finst i
i.-s. og meir kunstige eller ukvardagslege måtar. Viktig er her førestellinga
om eit slag „høgre“ mystisk naudsyn eller styring, som held hendingane i
hop og gjev høve til bruk av ymse tradisjonelle komposisjonsmiddel, slikt
som draumar, varsel, spådomar, aningar og råd, noko som har vori rekna
for hovudsermerke ved oppbyggingsteknikken i sogene.
Av desse komposisjonsmidla er dei fyrst nemnde og mest primitive,
draumar og varsel, ikkje nytta i det heile i B. Spådomar i meir
høgtidleg form, av personar med serskild spådomsgivnad, har vi heller
ikkje. (Det måtte då vera indirekte, i den spådomen om alderen sin som
Eg. talar om i kap. 10.) Spådomar av meir trivielt slag er Vålis ord i
M 251 og K 2431, J>or.s replikk i M 293-4, Of.s ord i M 4513, i M og
K 4517-461 og 4532_4619, 5347-19'23-29, K 693°~3i. Eit trugsmål