Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 236
234
meir enn ein spådom er Herm.s ord til Eg. 655_7> 19~20. Men omtalen
av at troil skal taka Herm., som har form av eit ynske i M-t (6510-11),
har fått spådomsform i K-t (6523-24). Mellom desse orda og Herm.s
død lyt det vera ein mystisk samanheng.
Viktige i i.-s. til å varsla framtidige hendingar, serleg uheppelege, er
aningar, førebersler og andre subjektive inntrykk som vert nemnde. I
B har vi ymse døme på dette: 712-13’28, 135-6'23-24, K 2124-26,
582-3,20-21, 633~4 og 6230'31, M 6911.
Varsel kan og liggja i det folk tenkjer eller seier, jamvel om orda ikkje
er refererte, - såleis i folks undring då sauene til O. er bortkomne, og i
folkesnakket som jamt fylgjer (3sp. (jfr. s. 188 f). Det påfallande ber i
det heile gjerne varsel i seg. Difor kan påfallande varm venskap eller tiltru
varsla seinare uvenskap (s. 144). Påfallande ivrig prating heng saman
med at planar vert lagde (s. 31 og merkn. 3). Påfallande venleg maske
og kåtleik tyder på baktankar og svik (s. 151). Den kjende regelen om at
„ovmod står for fall“, vert illustrert i den ironiske framstellinga av kor
kaute sambandsfelagane var då dei kom til tings (s. 71, til 408"10).
Av andre viktige tradisjonelle samanknytingsmiddel kan ein serleg
merka seg rådet. Dette kan i andre i.-s til dels taka svært stort rom og
forma seg som heile talar med detaljerte føresegner, som Njåls råd til
Gunnarr om korleis han skal fara åt til å få stemnt Hrutr i Njål. kap.
21-22. Råd med meir utførlege detaljføresegner har vi og i B i slutten
av kap. 7, der (5f. seier O. føre korleis han skal bu seg til sigling føre
tinget, i slutten av kap. 9 Df.s råd til Gell. og Eg., og i kap. 11 (M) (5f.s
råd til O. om å sigla. Viktig og fylgjerikt er det rådet Våli gjev O. i kap. 4
om å venta med stemninga til Våli har fått gjera ein siste forsonings-
freistnad, og Eg.s råd om å fastsetja ein låg løysingssum (6217~18>29).
Men det rådet frå Våli i kap. 4 som fører til at han får overtaka njosn-
inga mot Osp., og rådet hans til Osp. om å tilstå er truleg innkomne
meir for menneskeskildringa si skuld enn av di dei trongst til å få hand-
linga til å gå vidare. Det same gjeld vel og Gell.s (Of.s) råd til O. i
kap. 11 (7010'14>26'30).
NAMN OG KARAKTER
Før vi forlet drøftinga av den indre strukturen til soga vår, skal eg få
peika på ein serskild ting som er eit indisium for at soga er rein konstruk-
sjon når det gjeld sentrale element. Det er det merkelege samsvaret