Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 237
235
mellom personkarakterar og namn. Slikt samsvar finst og elles i i.-s.
Såleis er namna Ljåtr og Soti serskilt ofte knytte til illmenne101.
Tidlegare i dette arbeidet (s. 106, merkn. 16) har eg nemnt F. Jons-
sons gissing om at namnet Bjalfi er laga for å høva til den halvtomsingen
som bar det. bjalfi tyder eigenleg skinnfell og har vori nytta til utnamn102.
No meiner eg å ha gjort det truleg at Bjalfi er det opphavlege namnet i B.
Men trass i det kan namnet vera oppdikta. Trua på at det omtala samsvaret
ikkje er tilfelleleg, vert vidare styrkt når ein legg merke til at den eine
av hovudheltane i soga, han som djervt og ukueleg sigrar over det mektige
hovdingsambandet, ber det byrge namnet Ofeigr, medan den vonde
skurken i forteljinga har det ulukkespåande namnet Ospakr (liksom farfar
hans, som var av same typen). Jamvel om båe namna, 6feigr og Ospakr,
etter alt å døma er overtekne frå tradisjonen (jfr. neste stykke), kan
sjølve namna ha vori ein inspirasjon for sogemannen til å taka nett desse
personane i bruk, då han skulle finna fram historiske personar til å
representera dei typane han ville føra fram i sogeverket sitt. — Kan henda
er også namnet Våli valt i samsvar med karakteren og gjerninga til per-
sonen. Jfr. nedanfor s. 276.
KONKLUSJONAR
1. I gjennomgåinga her framanføre vonar eg å ha gjort det klårt kor
imponerande rik stilen til B er, serleg slik vi finn han i M-t. Dei stil-
draga som er sameige for båe tekstene, er så mange og så rikeleg repre-
senterte at det sams opphavet til dei to gjerdene lyt ha hatt ein sers rik
stil det med. Då stilen i regelen piar verta meir eller mindre utvatna
gjennom avskriving, er det til og med sannsynleg at stilen til den opp-
havlege soga har vori endå rikare og meir fullkomen enn den vi no finn
i nokor av dei to eksisterande gjerdene. Båe tekstene har ei mengd sams
stildrag som er typisk litterære og let seg setja i samband med ålmenn-
101 Heinzel: Beschreibung s. 22; ff. II 201, merkn. 2; ff. XII 12, merkn. 1. - I
andre høve kan det og vera samsvar mellom namn og sosial stilling. Dei aller fleste
personane i i.-s. som ber namnet Svartr, og etter måten mange med namnet Koir er
såleis trælar eller tenestfolk. Jfr. G. Jonsson: Nafnaskrå; A. Holtsmark: Studies in
the Gisla saga s. 8-9. Tydeleg døme på at namnetyding medviti vert utnytta i for-
teljing har vi i Gisis )>• IHugas. (ff. III 331).
102 Fritzner: bjalbi, bjalfi; E. H. Lind: Dopnamn.