Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 239
237
rad andre antitetiske konstruksjonar som går att i båe tekstene (jfr. lista
s. 174-179), er og så tydeleg stiliserte at dei kan takast med her, såleis
dei sams antitesane som er opprekna s. 179. Det er nok mogeleg å tenkja
seg at den opphavlege forfattaren og ein seinare nedskrivar av munnleg
tradisjon kunne ha så vidt lik opplæring i stilistikk og så lik smak at dei
noko på veg streva etter å få fram ein liknande stildåm. Men at dei skulle
finna på å nytta same stilfigurane i nett tilsvarande form og på heilt til-
svarande stad i samanhengen i ei praktisk tala uoverskodleg mengd av
tilfelle, lyt reknast for umogeleg.
Den andre gruppa av samanfall finn vi i samband med ymse slag stil-
eigenskapar av meir uvandt slag, som er sermerkte ved at dei finst etter
måten tilfelleleg eller spreidd både i i.-s. reint ålment og i soga vår. Døme
på dette har ein ved polysyndetisk ok (s. 160), på framføre føresett t.utm.
(s. 208), innskoten t.utm. (s. 209), ettersett t.utm. (s. 210-211), tauto-
logisk t.utm. (s. 212), overgang frå ind. til dir. tale (s. 213), vantande
t. utm. (s. 214), interjeksjonen jå (s. 223), pers. pron. + personnamn (s.
226), pers. pron. med etterfylgjande namn i apposisjon (s. 226-227). Ser-
leg kunne dei meir sjeldne av desse uttrykksmåtane ikkje koma att så ofte
på same stad i båe tekstene om ikkje båe gjerdene ætta frå same litterære
opphav gjennom avskriving.
3. Den litterær-estetiske granskinga av soga har fullt ut stadfest resul-
tatet av den tekstkritiske detaljsamanlikninga mellom dei to tekstene. M-t
er overdådig rik og frodig anten ein ser på personskildringa eller stilen,
K-t mykje fattigslegare. Logiske og stilistiske drag som er konsekvent
gjennomførde i M-t, går att som brotstykke eller spreidde leivningar i
K-t. M-t er harmonisk oppbygd, slik at dei same karakteristiske tendensane
kjem fram både i hovuddrag og detalj ar. K-t saknar ein original, sentralt
ordnande stilvilje. Den sterke tendensen til paratakse er truleg noko meir
uvilkårleg. Det viktigaste sjølvstendige ved stilen til K-t er nokre spreidde
freistnader på å styrkja den munnlege stildåmen, slik vi ser det ved tauto-
logisk t.utm., interjeksjonar og pers. pron. + personnamn. Bortsett frå
dette kan stilen til K-t best karakteriserast som ruinene etter ein stil som
har svara til den vi no finn i M-t.