Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 245
243
segna bak tåtten om Ospakr Kjallaksson høyrer truleg ættelista Kjallakr
—> Ospakr —> Glumr —> Ospakr og mågskapen mellom Glumr og Grettir
Asmundarson: Glumr fekk sidan Pordisar, dottur Asmundar hcerukolls,
systur Grettis ins sterka, ok var }>eira sonr Ospakr, er deildi vid Odd i
Midfirdi Ofeigsson4. Notisen om striden mellom Osp. og O. står heilt
isolert i sogesamanhengen. Dette kan tyda på at han er nedarva tradisjons-
stoff, ei opplysning som i våre dagar ville ha stått i parentes eller i ein
note. Det er vidare sannsynleg at dei vandremotiva som knyter seg til
Ospakr Kjallaksson og Grettir Asmundarson i Eyrb. og Grett., i det 13.
h.å. har fylgt desse personane også når det vart fortalt om dei utan bein-
veges tilknyting til desse sogene. Dette har interesse for spørsmålet om
tilhøvet mellom Eyrb. og B.
Mellom fråsegnene i samband med Ospakr på Eyrr i Eyrb. og det som
er fortalt om Osp. i B, er det, som ein ser, slåande likskap når det gjeld
innhaldet, serleg i karakteristikkane av dei to Ospakr-karane. Vi finn til
dels att same personane, stadene og hendingane. Det som er fortalt i Eyrb.,
er vel skikka til å kasta ljos over innhaldet i B. O.s ord til Osp. i B:
pykkir pu hafa brggd undir brunum, svd sem f>u ert attborinn til 712-13
siktar sikkert til skyldskapen med Grettir, men får endå rikare perspektiv,
om ein og har farfaren i minne. Osp. får i B same lagnad som desse ætt-
mennene hans. At der er samanheng mellom B og desse fråsegnene om
Grettir og Ospakr på Eyrr, tykkjest opplagt. Men kva slag samanheng
dette er, let seg ikkje lett avgjera m. a. av di alderen til Eyrb. er så om-
stridd5. I B er striden mellom O. og Osp. noko sentralt, medan tåtten om
Ospakr på Eyrr i Eyrb. er ein meir perifer detalj. Likevel kan B knapt
vera modeli for Eyrb., då Eyrb. har motiv som ein ikkje finn i B.
På den andre sida fylgjer det og vanskar med å tenkja seg Eyrb. som
modeil for B. Her kan for det fyrste nemnast tilnamnet på morfar til Osp.
Glumsson, som er rangt i Eyrb., medan det er rett i B (jfr. ovanfor s. 26-
27). For det andre er det slik at om ein jamfører dei to sogene i sin heil-
skap, er det lite av andre ting som tyder på litterær skyldskap mellom
dei. Ingen stad finst ordrette samanfall mellom tekstene som er så om-
fangsrike eller sermerkte at dei tvingar til å rekna med beinveges på-
verknad i utforminga. I innhaldet er det rett nok ting som minner. Båe
sogene fortel om ei mannjamning som var nytta til glteiti, jfr. Eyrb. kap.
37 og B 6515-17’ 29-30. Skildringa i Eyrb. av korleis den fredsæle Porar-
4 ff.IV 168.
5 Jfr. ff. IV s. xlv-lii, og mot dette ff. VI. s. xxxix og Nord. kult. VIII :B s. 248.
16*