Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 252
250
E. (31. Sveinsson gjer sjølv merksam på at ei av desse setningane (ff. XII
146) har noko langt på veg tilsvarande i Laxd., og at eln i det heile ikkje
kan tilleggja dei oppførde døma stor provkraft. I røynda er det ikkje
vanskeleg å finna ei rad andre stader i Njål. der samsvaret med B er Iike
stort. Men om både E. (31. Sveinssons døme og dei hine gjeld det at dei
er så lite omfangsrike og sermerkte, og så spreidde i båe sogene, at dei
vanskeleg tillet slutningar20. Skal ein likevel leggja nokon brett på dei,
tyder dei i alle høve på at førelaget for Njål. har likna meir på M-t
enn K-t.
A. Heusler har peika på likskap mellom B og Borsteins s. SiSu-
Hallssonar, med di båe sogene fortel om ein mann som overlet god-
ordet sitt til ein annan då han skal draga frå landet, og at hin seinare
freistar sleppa å gjeva godordet frå seg att på hausttinget. Heusler nemner
og sume verbale likskapar mellom desse to sogene21. J. Johannesson peikar
på ein annan likskap, sauetjuvnaden. „Hvorugt hefir mått teljast til
algengra viSburSa, sizt £>aS, a<5 sami maSur ger (Si bæSi tilraun til aS halda
goSorSi fyrir jjeim, er åtti, og rænti e8a stæli fjolda kvikfjår af fjalli.
VercSur Jm aS gera råcS fyrir åhrifum annarrar sogunnar å hina“22. Mel-
lom Borst, og B er der og andre likskapar. I båe sogene høyrer vi at han
som har overteki godordet for den bortreiste, steller seg godt med ting-
mennene og grannane sine, at han er meir rettskunnig enn rette godords-
eigaren og freistar å utnytta dette, at han ikkje straks gjer motstand då
godordet vert tvinga av honom, men let som om han herre har venta på
at eigaren skulle gjera kravet klårt, og at han i staden hemner seg etterpå.
Gangen i intrigespelet er så lik på båe stader at det tykkjest vanskeleg å
koma framom at her må vera tale om påverknad frå den eine soga på hi,
beinveges eller omveges. Dette synet får og stønad av verbale likskapar,
som er fleire enn dei Heusler nemnde. Eg skal få peika på dei viktigaste:
Porst. B(M-t) B(K-t)
ff. XI 299 petta sumar ætl- 9T_S lysir Oddr pvi, 922-23 sagdi Oddr vinum
adi Porsteinn at hann ællar stnum, at hann cetlar
utan utan um samarit titan at fara um
sumarit
20 Jfr. S. Nordal i Nord. kult. VIII :B s. 261.
21 Utg. 1897 s. XLvn-XLvm, utg. 1913 s. xlviii-xlix. Jfr. utg. 1933 s. xvn-xvm.
Men F. Jonsson forsikrar at „der er intet indre slægtskab mellem sagaen (d. e. B)
og Porsteins saga“.
22 ff. XI s. cix.