Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 257
255
Brjånsslaget, så sant han elles nytta Njål. Men i dette hovet lyt Porst.
vera bygd på ei onnor kjelde, anten „Brjåns saga“ eller ei soge om SigurSr
jarl. J. Johannesson trur difor, liksom Lehmann og Carolsfeld, at tilvis-
inga til Njål. i Porst. er interpolasjon. Han meiner og at Porst. er eldre
og kan henda kjelde for Njål.
Argumentasjonen til J. Johannesson vert no ikkje utan vidare forkasta
av E. (51. Sveinsson30, og tykkjest i det heile vanskeleg å koma framom.
Han får og stønad av eit tilhøve som eg har peika på her ovanfor: Fram-
stellinga av at eit godord vert overlati og seinare motviljug gjevi attende,
har sers mange liknande drag i Porst. og B, og er noko sentralt i båe desse
sogene. I Njål. er det tilsvarande herre ein tilfelleleg detalj, og med mindre
av drag som samsvarar med dei hine sogene. Dette talar for å tru på ein
nær samanheng mellom B og Porst. her, medan Porst. vanskeleg kan
byggja på Njål. i dette.
Eg skal likevel få peika på eit par serlege ting som kan stø trua på
beinveges samband mellom Porst. og Njål. I Porst. seier Helgi Porhadds-
son under brannen: illr daudi pykki mér at brenna inni sem melrakkar31.
På same vis seier SkarpheSinn føre brannen på Bergftorshvåll: em ek ok
ofuss pess at låta svala mik inni sem melrakka i greni32. I Porst. heiter
det og: Porsteinn gengr at durum ok ma:lti: Ef Porhaddr må heyra mål
mitt, på byd ek engan ofrid, ef hann gengr ut -3S, medan Njål. har: på
gekk Njåll til dyra ok mælti: Er Flosi svå nær, at hann megi heyra mål
mitt? Flosi kvezk heyra. Njåll mælti: Villt pu ngkkut taka sættum vid
sonu mina eda leyfa ngkkurum mgnnum utgongu? og vidare: Flosi gekk
på at dyrunum ok mælti, at Njåll skyldi ganga til måls vid hann ok svå
Bergpora; pau gerdu svå. Flosi mælti: Utggngu vil ek per bjoda, pvi at
pu brennr omakligr inni3i. I det heile er det likt i dei to sogene at det er
tale om å brenna inne ein mann og sønene hans etter at kvinnene har fått
høve til å gå ut. (Jfr. likevel også om Ljosv. her nedanfor.)
Etter alt som no er sagt, vert det mest truleg at Njål. byggjer på Porst.
Men dei ymse utformingane av forteljinga om den sviksame godords-
paktaren talar mot å tru at Njål. har vori mellomlekk mellom Porst. og
B (slik at B byggjer på Njål.). Ved gransking av det gjensidige alders-
tilhøvet mellom Porst. og B tykkjest vi difor kunna sjå bort frå Njål.
30 ff. XII s. lxxxii, merkn 1.
31 ff. XI 307. Her finst og ordet svada som subst.
32 ff. XII 326. Men jamføringa er ein fast klisje, jfr. G. Cederschiold: Forns.
SuSrI. s. xvi; Fritzner: melrakki.
33 ff. XI 307.
34 ff. XII 329, 330.