Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 258
256
J. Johannesson er den fyrste som har hevda at B byggjer på Porst. Han
grunnar synet sitt på det at B tykkjest vera mindre historisk: „vafasamt
er um goSorSseign Odds og fjårstuldur Ospaks er drjugum osennilegri en
rån Porhadds. Er Jm liklegast, a8 Bandamanna saga sé liiggjandinn og
Olkofra jiåttur hafi minnt hofund hennar å Porstein og sogu hans“35.
Men jamvel om ein ser bort frå spørsmålet om større eller mindre histor-
isitet, er der ymse grunnar som talar for at Porst. ikkje kan byggja på B.
Dei delane av innhaldet i Porst. som har klårast samanheng med B, er det
som står i samband med godordet og sauene. Så sant Porst. byggjer på den
omtala strofa av Haukr Valdisarson, ligg det nær å tru at båe desse
momenta har høyrt med til den munnlege tradisjonen som ligg bak denne
strofa. Dette vert endå meir truleg om ein j amfører med ei nordaustleg
soge som Ljosv., som både fortel om strid om godord og fe, og om bak-
taling og eldpåsetjing. Det er til og med mogeleg at Porst. har beinveges
litterært samband med Ljosv. Døma på verbalt samanfall er rett nok for
spreidde og for lite sermerkte til å gjeva noko prov. Men i båe sogene er
fråsegnene om brannen like i det at namngjevne personar mellom dei inne-
sperra får tilbod om å sleppa ut, og at det ikkje kjem så langt som til
verkeleg mordbrann36. J. Johannesson har peika på at Ljosv. og Porst.
båe tykkjest rekna med ei seinare tid for Brjåns-slaget enn kjeldene elles
seier. Han gissar på at desse sogene har haldi seg til tidsrekninga til
Marianus Scotus, som meinte Kristus var fødd 22 år tidlegare enn elles
rekna37. - At segner om sauetjuvnad var velkjende i austislandsk fortelje-
tradisjon, viser og VåpnfirSinga s. kap. 2, der ein skoggangsmann hemner
seg ved å stela fire gjeldingar frå Hofs-folket38.
Å skuva B inn mellom Porst. og dei aust-islandske munnlege eller litter-
ære tradisjonane ville berre tena til å gjera framvoksteren av Porst. vansk-
elegare å skjøna, serleg om ein tek omsyn til det geografiske. B har vorti
til lengre vest (jfr. s. 290-291).
Eit språkleg argument for den høge alderen til Porst. er påpeika av
E. 01. Sveinsson: I handskriftene til soga finst of brukt serskilt ofte for
um, y/ir39.
35 ff. XI s. cix.
3r, ff. X 57.
37 ff. XI s. cvii-cviii.
38 ff. XI 24-25.
«9 ff. XI s. cix, merkn. 2.