Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 259
257
Går vi no over til beinveges jamføring av Porst. med B, legg vi straks
merke til at den striden som knyter seg til saueranet, ruver meir i Porst.
enn i B, har større interesse i seg sjølv, med di det er ein konflikt mellom
verfar og verson, der dottera, kona, står lidande imellom. I Porst. er
saueranet eit utslag av ovmod. Godemakta går Porhaddr slik til hovudet
at han misbrukar ho. I B er derimot tjuvnaden ein meir banal hemnaksjon
utan større psykologisk interesse i og for seg. Skal ein i det heile leggja
brett på kva som er det meir sentrale og viktige, når ein vil døma om
motivlån mellom tekster, tykkjest det lettare å tenkja seg at B er lån-
takaren. P. d. a. s. er B reint ålment mykje meir kunstfull enn Porst.,
både i den måten svikaren mottek godordet på, og i den gjennomførde
mystikken som sauestulda heile tida er innsveipt i. Her som elles er i B
eit grovt tilfang konsekvent omstøypt og lyft opp på eit høgre kunstnarleg
plan.
B har likevel eit veikt punkt nett i denne samanhengen. Det er i frå-
segna om då O. kom for seint til hausttinget (i båe gjerder) : ok er frcir
komu \>ar, frå (frå vantar K) var frar mart manna fyrir (fyrir vantar K),
ok våru (var K) frå mjgk (i till. K) brott (burt K) bunir, ok var {fra
till. K) helgud leidin 1511—162, 1618"19. B gjer det ikkje klårt kvifor
godordet ikkje kunne overlatast for det om tinget var vigt, jamvel om det
er klårt at O. ikkje lenger hadde høve til å utføra godefunksjonar på dette
tinget. I Porst. får vi derimot full forklåring. Då Porsteinn krev att god-
ordet på hausttinget, svarar Porhaddr: fretta skyldir fru fyrri talat hafa en
Iggskil færi fram, en nu samir betr at selja godord af hendi å vårfringi,
ådr Iggskil fara fram, enda frarftu ekki godord i vetr (jfr. s. 252). Nokon
slik regel for godordsoverlevering kjenner vi ikkje frå dei lovene vi no
har40. Kan henda tilhøyrer regelen berre sogetradisjonen. Men denne
regelen i Porst. kan ha vori i tanken til han som forma B her.
Mellom HåvarSar s. fsfirSings og B er det audsynte likskapar.
I båe desse sogene høyrer vi om ein gamal mann som kjem i strid med
mektige menner for skuld sonen sin, og gjennomfører striden til full siger
og triumf over motstandarane. Viktigaste parallellismen ligg likevel i den
omskapinga av utsjånaden til den gamle mannen som går føre seg etter
kvart som aksjonen hans lukkast. HåvarSr er halt, noko som kan jam-
førast med B’s reikar å fotum M 4017, hrumr at fotunum M 497, las-
meyrr i ggngunni M 498. Då HåvarSr har mist sonen sin, er han til å
“ If. VII 303, merkn. 2.
17 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII